Havskjelpadder
Utsjånad
(Omdirigert frå Havskjelpadde)
| Havskjelpadder | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
| Klasse: | Krypdyr Reptilia |
| Orden: | Skjelpadder Testudines |
| Underorden: | Cryptodira |
| Overfamilie: | Havskjelpadder Chelonioidea Baur, 1893 |
Havskjelpadder (Chelonioidea) er ei gruppe skjelpadder som lever hovuddelen av livet i havet. Dei er gode symjarar og dykkarar. Ekstremitetane deira er omforma til luffar. Framlemmane er svært store, medan baklemmane er mykje mindre. Dei kan ikkje trekka hovudet sitt inn i skalet.[1]
Havskjelpadder lever typisk i tropiske og subtropiske område, ofte langt frå kysten. Dei kjem på land berre for å leggja egg. Desse grev dei ned i sanden og lét solvarmen klekka dei. Kvar hoe kan leggja opptil 200–300 egg i året. Utklekkinga tek 6–10 veker. Ungane frå dei nyklekte egga kryp straks mot havet.[1]
Artar (utval)
[endre | endre wikiteksten]- Bastardskjelpadde (Lepidochelys olivacea)
- Glattkarett, uekte karett (Caretta caretta)
- Havlêrskjelpadde (Dermochelys coriacea)
- Karett, ekte karett (Eretmochelys imbricata)
- Grøn havskjelpadde (Chelonia mydas)
Slekter
[endre | endre wikiteksten]- Cheloniidae
- Dermochelyidae
- Protostegidae (utdøydd)
- Toxochelyidae (utdøydd)
- Thalassemyidae (utdøydd)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Havskilpadder», Store norske leksikon, 31. desember 2015, henta 18. februar 2016
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]{{commonskat{
