Havsvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Havsvale
Havsvale
Havsvale
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av Havsvale
Utbreiinga av Havsvale
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormsvalefamilien Hydrobatidae
Slekt: Hydrobates
Art: Havsvale H. pelagicus
Vitskapleg namn
Hydrobates pelagicus
Havsvaleegg

Havsvale (Hydrobates pelagicus) er ein fugl i stormsvalefamilien. Han er den minste sjøfuglen i Atlanterhavet. Havsvala er 15-16 centimeter lang og har eit vingespenn på 37–41 cm. Fuglen har svart fjørdrakt men kvit overgump.

Havsvala lever hovudsakleg i austdelen av Atlanterhavet, og hekkar langs størsteparten av den europeiske kysten til Kanariøyane i sør. Han hekkar også i Middelhavet aust til Tyrkia. Dei største populasjonane finst på Shetland, Orknøyane, Færøyane og vest på Irland. Middelhavspopulasjonen høyrer til ein separat underart, umogeleg å skilje i felt frå atlanterhavspopulasjonen utanfor hekketida, og desse hekkar hovudsakleg på Filfola utanfor Malta, Sicilia og Balearane.

I folketrua var fuglen ofte sett på som eit stormvarsel.

Havsvala lever strikt pelagisk utanfor hekkesesongen. Føda består av småfisk, blekksprut og dyreplankton, som ho ofte fangar trippande på havoverflata. Fuglen kan lokalisere ulik flytande føde utifrå lukt. Føda vert omgjord i magen til ei oljeaktig oransje væske som fuglen spyr opp for å mate ungen. Sjølv om havsvala oftast er taus til sjøs, har har fuglen ei gryntande læte som paret ytrar i paringssesongen, og hannen har ein purrande song som høyres frå boplassen.

Havsvala overlever ikkje på øyar der landpattedyr som rotter og kattar har vorte introduserte, men toler naturleg predasjon frå måsar, joar, ugler og falkar. Trass i at den globale populasjonen minkar noko, vert han klassifisert som livskraftig av IUCN som livskraftig grunna storleiken. Då fuglen opptrer i grov sjø ute på havet vert han hylla inn i mytar og sjømannsfortellingar.

Havsvala plasserer reiret i sprekker og holer. Hoa legg eit egg pr hekkesesong, oftast rett på marka. Egget er kvitt, og foreldra deler på den lange rugetida, og etter klekkinga tek begge foreldra hand om ungen. Havsvala er langtrekkar som held seg utanfor kysten av Sør-Afrika medan det er vinter i nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]