Hawaiifinkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hawaiifinkar


Iiwi, Vestiaria coccinea
Iiwi, Vestiaria coccinea

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Fringillidae
Underfamilie: Drepanidinae
Slekter
  • Melamprosops
  • Hawaiifinkar, tidlegare draktfuglar, er ei gruppe små sporvefuglar endemiske til Hawaii. Dei fleste autoritetar reknar gruppa som ein underfamilie, Drepanidinae, av Fringillidae, finkefamilien. Andre kategoriserer framleis denne gruppa som ein sjølvstendig familie Drepanididae.[1]

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Hawaiifinkar er mellom 10 og 20 centimeter lange og har vengespenn på 15 til 30 cm. Nebbet er meir eller mindre bøygd nedover. Artane er vanlegvis delte inn i to grupper: nektaretarar og frøetarar.

    Nektaretarar[endre | endre wikiteksten]

    Fjørdrakta av nektaretarar er vanlegvis farga svart og raud, fjører i halen og bakvengen er svarte og resten av fjørdrakta er raud. Nebba er lange og nokre gonger svært sterkt bøygd. Slekta med det lengste nebbet var den no utdøydde Akialoa, der nebba var rundt halve kroppslengda. Tungene hos nektaretarar er røyrforma for å suge nektar frå blomar.

    Frøetarar[endre | endre wikiteksten]

    Frøetarar har kortare og mindre bøygd nebb. Fjørdrakta er stort sett grøn, gul eller gråaktig, sjeldan mørk i farga. Utsjånaden deira kan likne finkar som til dømes grønfink.

    Forplanting[endre | endre wikiteksten]

    Nektaretarar skil seg lite frå frøetarar i hekkevanar. Pardanning kan skje allereie i oktober, sjølv om spel og hekking kan skje mellom desember og juli. Etter paring legg hoa 2-3 kvite eller blå egg med raudbrune flekker, oftast i tre, men nokre gonger i høgt gras. Egga blir klekt etter ei rugetid på 3-4 veker, og ungane blir mata av begge foreldra. Hos dei fleste artane blir fuglane kjønnsmodne etter eitt år.

    Mat[endre | endre wikiteksten]

    Nektaretarar har hovudsakleg diett basert på nektar, men òg av insekt, edderkoppar og larver som dei tar ut under bork med dei lange nebba. Frøetarar har diett som i hovudsak er avgrensa til frø av gras og tre.

    Anna[endre | endre wikiteksten]

    Dei mange variantane av nebb i denne gruppa, frå kraftige finkeliknande nebb, til spinkle nedbøygde nebb for søking i blomar har oppstått gjennom adaptiv stråling, der ein tidleg finkeart har utvikla seg til å fylle eit stort spekter av økologiske nisjar. Rundt 20 artar av hawaiifinkar har vorte utrydda i den siste tida, og mange fleire i perioden etter at polynesiarar kom og introduserte dei første rotter, høner, griser, hundar, og starta med jakt og landbruk.[2][3]

    Slekter og artar[endre | endre wikiteksten]

    Nolevande artar av hawaiifinkar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

    Slekt Melamprosops

    • Haleakalafink, Melamprosops phaeosoma, Poo-uli, Casey & Jacobi, 1974, (CR (PE))

    Slekt Oreomystis

    • Akikiki, Oreomystis bairdi, Akikiki, Stejneger, 1887, (CR)

    Slekt Paroreomyza

    • Oahuklatrefink, Paroreomyza maculata, Oahu Alauahio, Cabanis, 1850, (CR (PE))
    • Mauiklatrefink, Paroreomyza montana, Maui Alauahio, Wilson, SB, 1890, (EN)

    Slekt Loxioides

    • Palila, Loxioides bailleui, Palila, Oustalet, 1877, (CR)

    Slekt Telespiza

    • Laysanfink, Telespiza cantans, Laysan Finch, Wilson, SB, 1890, (VU)
    • Nihoafink, Telespiza ultima, Nihoa Finch, Bryan, 1917, (CR)

    Slekt Palmeria

    Slekt Himatione

    • Blodapapane, Himatione sanguinea, Apapane, Gmelin, JF, 1788, (LC)

    Slekt Drepanis

    • Iiwi, Drepanis coccinea, Iiwi, Forster, G, 1780, (VU)

    Slekt Psittirostra

    • Ou, Psittirostra psittacea, Ou, Gmelin, 1789, (CR (PE))

    Slekt Pseudonestor

    • Papegøyefink, Pseudonestor xanthophrys, Maui Parrotbill, Rothschild, 1893, (CR)

    Slekt Hemignathus

    • Kauainukupuu, Hemignathus hanapepe, Kauai Nukupuu, Wilson, SB, 1889, (CR (PE))
    • Mauinukupuu, Hemignathus affinis, Maui Nukupuu, Rothschild, 1893, (CR (PE))
    • Akiapolaau, Hemignathus wilsoni, Akiapolaau, Rothschild, 1893, (EN)

    Slekt Magumma

    • Anianiau, Magumma parva, Anianiau, Stejneger, 1887, (VU)

    Slekt Chlorodrepanis

    • Smalnebbamakihi, Chlorodrepanis virens, Hawaii Amakihi, Gmelin, JF, 1788, (LC)
    • Oahuamakihi, Chlorodrepanis flava, Oahu Amakihi, Bloxam, A, 1827, (VU)
    • Tjukknebbamakihi, Chlorodrepanis stejnegeri, Kauai Amakihi, Wilson, SB, 1890, (VU)

    Slekt Loxops

    • Hawaiiklatrefink, Loxops mana, Hawaii Creeper, Wilson, SB, 1891, (EN)
    • Akekee, Loxops caeruleirostris, Akekee, Wilson, SB, 1890, (CR)
    • Hawaiiakepa, Loxops coccineus, Hawaii Akepa, Gmelin, JF, 1789, (EN)
    • Mauiakepa, Loxops ochraceus, Maui Akepa, Rothschild, 1893, (CR (PE))

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. Clements, J. 2007. The Clements Checklist of the Birds of the World. 6th ed. ISBN 978-0-7136-8695-1
    2. James, Helen F.; Olson, Storrs L (1991). «Descriptions of Thirty-Two New Species of Birds from the Hawaiian Islands: Part II. Passeriformes» (PDF). Ornithological Monographs 46: 1–92.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
    3. Olson, Storrs L.; James, Helen F (1991). «Descriptions of Thirty-Two New Species of Birds from the Hawaiian Islands: Part I. Non-Passeriformes» (PDF). Ornithological Monographs 45: 1–91.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
    4. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
    5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]