Hawke's Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hawke's Bay
region
Land  New Zealand
Areal 14 111 km²
Folketal 166 368 (6. mars 2018)
Kart
Hawke's Bay
39°25′00″S 176°49′00″E / 39.416666666667°S 176.81666666667°E / -39.416666666667; 176.81666666667
Wikimedia Commons: Hawke's Bay Region

Hawke's Bay (maori Heretaunga) er ein regionNew Zealand. Hawke's Bay er kjend verda over for å vera eit område der det vert laga framifrå vin. Regionstyret held til i byen Napier.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hawke Bay
Namneskiltet i Taumata.

Regionen ligg på austkysten til Nordøya. Han har fått namn etter havbukta Hawke Bay, ei større, halvsirkelforma bukt som strekkjer seg 100 km frå nordaust mot sørvest mellom Mahiahalvøya og Cape Kidnappers.

Hawke's Bayregionen omfattar det bakkete kystlandskapet nord og sentralt i bukta, elvelandskapet ved Wairoa River i nord, det vide og grøderike slettelandskapet Heretaunga Plains kring Hastings i sør, og eit kupert innland som strekkjer seg opp mot åsrekkjene Kaweka og Ruahine Ranges.

Regiongrensene er noko ulike dei gamle provinsgrensene i Hawke's Bay, og somme byar i regionen Manawatu-Wanganui i sørvest, som til dømes Dannevirke og Woodville, ser enno på seg sjølve som ein del av Hawke's Bay.

Regionen er delt inn i fire distrikt:

Dessutan ligg byen Taharua i Taupo District i Waikato og byen Ngamatea i Rangitikei District i Manawatu-Wanganui.

Regionen rosar seg av å ha ein ås med det lengste stadnamnet på New Zealand, og det nest lengste i verda, i følgje Guinness rekordbok. Taumatawhakatangihangakoauauotamateaturipukakapikimaungahoronukupokaiwhenuakitanatahu er ei lita høgde sør i Hawke's Bay, ikkje langt frå Waipukurau.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Møte mellom europeiske nybyggjarar og māoriar i Hawke's Bay 20. juli 1863. Illustrated London News, 31. oktober 1863.

Mellom 1858 og 1876 var Hawke's Bay Hawke's Bay Province som ein av provinsane på New Zealand, etter å ha vorte skild ut frå Provinsen Wellington i februar 1858. Provinsstyret opphøyrde på New Zealand i 1876.

Den 3. februar 1931 vart Napier og Hastings hardt råka av den største naturkatastrofen på New Zealand. Jordskjelvet i Hawke's Bay i 1931 målte 7,9 på Richters skala og drap 256 menneske. Napier vart snøgt bygd opp att, og er no kjend over heile verda for bygningane sine i Art Deco-stil.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Kartet viser folketettleiken i Hawkes Bay Region ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i regionen 147 783. Av desse budde 55 359 i Napier City. Andre større urbane område er Napier og Hastings, mindre samfunn er Wairoa, Havelock North, Tikokino, Waipawa, Waipukurau, og Takapau. Regionen har ein stor maoripopulasjon (24 % av den totale populasjonen ved folketeljinga i 2006). Ngāti Kahungunu er ein av dei større lokale maori-iwiane.

Vêrlag og landbruk[endre | endre wikiteksten]

Haustleg vingard i Hawke's Bay.

Dei lange, varme somrane og kjølige vintrane i Hawke's Bay sørgjer for framifrå vilkår for dyrking av druer. Vêrlaget er turt og temperert. Somrane kan vera varmare enn gjennomsnittet for landet, og tørke oppstår ofte. Vintrane er milde, men ein ein sjeldan gong kan ein oppleva frost og snø. Hawke's Bay er kjent for hagebruk med store frukthagar og vingardar på markene. I meir bakkete og åslendte område i regionen er saue- og kvegdrift dei viktigaste næringsvegane, medan skogbruk finn stad i dei meir ulendte områda. Nordaust i regionen ligg nasjonalparken Te Urewera National Park.

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Ei av dei mest kjende og populære rutene for fotturar på New Zealand, The Waikaremoana Great Walk, går gjennom nasjonalparken Te Urewa, langs sør- og vestkysten til Waikaremoanasjøen, og er 46 km lang. Turgåarar kan gå på eiga hand, eller velja guida gruppeturar.[1]

Mange av vindyrkarane i regionen skipar til guida omvisingar på gardane, og mange stadar har dei òg opna kaféar eller restaurantar til gjestene.

Tilskipingar[endre | endre wikiteksten]

I Hawke's Bay vert nokre av dei beste vinane på New Zealand laga, og ein gong i året vert dette markert ved å skipa til Harvest Hawke's Bay, ein tre dagars vin- og matfestival.[2] Den årlege Mission Concert vert halden i Napier tidleg kvart år. Konserten finn stad på vingarden Mission Estate Winery i Greenmeadows, like ved den austlege bygrensa, og har tiltrekt seg store underhaldingsnamn som Kenny Rogers, Shirley Bassey, Rod Stewart, B52's, Belinda Carlisle, Ray Charles, og Eric Clapton.[3] Byen feirar sitt Art Deco-preg i februar kvart år med ein Art Deco Weekend.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Laura Harper, Tony Mudd, Paul Whitfield, Damian Hall (september 2006). The Rough Guide to New Zealand (2 utg.). Rough Guides. s. 472-475. ISBN 1-84353-679-X. 
  2. Informasjonsside om Harvest Hawke's Bay.
  3. Bystyret i Napier - informasjon om Mission Concert.
  4. Art Deco Weekend

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]