Hayabusa 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Illustrasjon av Hayabusa 2

Hayabusa 2 er ein japansk romsonde på veg til asteroiden 162173 Ryugu. Han har ei liknande utforming som den fyrste Hayabusa-sonden og vart skoten opp frå Tanegashima romsenter 3. desember 2014. Han er venta å nå Ryugu i 2018.

Hayabusa 2 ber med seg landaren MASCOT, som er utforma som ein boks med ein storleik på 30 × 30 × 20 cm. MASCOT veg 10 kg og har eit kamera, eit infraraudt radiometer, eit magnetometer og eit spektrometer. Han har evna til å hoppa omkring på asteroideyta.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Hayabusa (隼) er japansk for «falk», deriblant vandrefalk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]