Haydnkvartettane av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Haydnkvartettane av Wolfgang Amadeus Mozart er ei samling på seks strykekvartettar publiserte i 1785 i Wien og desdiserte til komponisten Joseph Haydn. Dei vert rekna som eit høgdepunkt blant dei klassiske strykekvartettane, og inneheld nokre av dei mest minneverdige melodiane til Mozart.

Dei seks kvartettane[endre | endre wikiteksten]

Kvartettane vart publiserte i eit sett i Wien i 1785. Året dei vart komponerte står i parantes over.

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Wolfgang Amadeus Mozart komponerte 23 strykekvartettar medan han levde. Dei seks Haydnkvartettane vart skrivne i Wien frå 1782 til 1785. Dei er dediserte komponeisten Joseph Haydn, som vert rekna som skaparaen av den moderne strykekvartetten. Haydn hadde nyleg vorte ferdig med dei viktige «Opus 33», ei samling kvartettar, i 1781, same året som Mozart kom til Wien. Mozart studerte strykekvartettane til Haydn og starta å komponere seks stykk, som vart publiserte i 1785. I løpet av denne tida vart Mozart og Haydn vener, og spelte stundom kvartettar i lag heime hos Mozart, med Mozart på bratsj og Haydn på fiolin.[1].

Haydn høyrde først desse kvartettane heime hos Mozart, 15. januar og 12. februar 1785. Etter å ha høyrt dei alle sa Haydn til far til Mozart, Leopold, som var på besøk frå Salzburg: «Føre Gud og som ein ærleg mann, seier eg deg at sonen din er den største komponisten som eg har høyrt om. Han har smamk og i tillegg ein enorm kunnskap om kompoisjon»[2] The comment was preserved in a letter Leopold wrote 16 februar to his daughter Nannerl.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Haydn Quartets (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. februar 2012.
  • Deutsch, Otto Erich (1965) Mozart: A Documentary Biography. Stanford, CA: Stanford University Press.
  • Irving, John. "The Haydn Quartets: K. 387, 421, 428, 458, 464, 465." The Cambridge Mozart Encyclopedia. Ed. Cliff Eisen and Simon P. Keefe. 1 volume. New York: Cambridge University Press, 2006.
  • Irving, John. Mozart: The "Haydn" Quartets. Cambridge: Cambridge University Press, 1998.
  • Wright, Craig and Simms, Bryan. Music in Western Civilizations. Belmont, CA: Thomson and Schirmer, 2006.
  • Holmes, Edward. The Life of Mozart Including His Correspondence. New York: Da Capo Press, 1979.
  1. Irving, 2006
  2. Irving, 2006
  3. Deutsch 1965, 236