Hayes Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hayes Jones
Hayes Jones 1963.jpg
Statsborgarskap USA
Fødd 4. august 1938
Starkville
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, politikar

Hayes Wendell Jones (fødd 4. august 1938) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Starkville i delstaten Mississippi som i 1964 vart olympisk meister på 110 meter hekk, fire år etter han tok OL-bronsen i same øvinga.

Jones sette personleg rekord med 13,6 sekundar då han vann 110 m hekk i landskampen mellom Ungarn og USA i Budapest 6. august 1958. Året etter vann han korthekken under dei panamerikanske leikane 1959 i Chicago med den same sluttida, eitt tidels sekund framom landsmannen Lee Calhoun. I det USA-amerikanske OL-uttaket i Stanford 2. juli 1960 forbetra Jones bestetida si til 13,5 då han vart tredjemann bak Calhoun og Willie May. Dei same tre utøvarane tok så dei tre medaljane i 110 meter hekk under sommarleikane i Roma to månader seinare. Calhoun vann gullmedaljen på 13,98, medan May fekk 13,99 og Jones 14,17, tyskaren Martin Lauer kom inn på 14,20 sekundar og var den einaste som fylgde dei tre løparane frå USA.

Den 15. juli 1961 i Moskva sprang Jones ein av etappane då USA-mannskapet i landskampen mot Sovjetunionen sette verdsrekord på 4 x 100 meter stafett med tida 39,1 sekundar i Både det året og dei komande sesongane viste Jones seg som den beste korthekkløparen i verda. Så vel i 1962 som i 1963 og 1964 presterte han hekkeløp på 13,4 sekundar. Hausten 1964 lukkast Jones vinne 110 meter hekk under Sommar-OL i Tokyo, vinnartida hans vart 13,67 sekundar. Landsmannen Blaine Lindgren tok sølv med 13,74 og Anatolij Mikhailov frå Sovjetunionen bronse med 13,78.

Jones vart USA-meister (AAU) både i 1958, 1960, 1961, 1963 og 1964.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]