Hopp til innhald

Hayle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hayle
Heyl
by
Hayle Viaduct frå ein ås ved munningen til estuaret.
Foto: John Bennett
Land  England
Region Cornwall
Folketal 9 400 (2011)
Postnummer TR27
Retningsnummer 01726
Kart
Hayle
50°10′59″N 5°24′58″W / 50.183°N 5.416°W / 50.183; -5.416
Wikimedia Commons: Hayle

Hayle (kornisk Heyl) er ein liten by i Cornwall i England. Han ligg ved han sørlege enden av St. Ives-bukta, ved estuaret til elva Hayle. Det korniske namnet tyder «fjord».

Han var tidlegare ein viktig fiskarby og utskipningshamn for tinn og andre varer. Fleire koparsmeltarar virka i byen, og den austlege delen har namnet Copperhouse etter denne verksemda. Det var òg eit jernstøyperi, som no står i ruinar.

På 1800-talet hadde det blitt meir lønsamt å eksportere råtinn framfor å smelte det i Hayle, og dermed starta ei nedgangstid for byen. I 1970-åra slutta ein å bruke hamna til større skip, då kostnadane for oppmudring var for høge.

Viktigaste næringsveg er no turisme. Rundt bukta ligg sandstrender over ei strekning på omkring 5 km. Godrevy fyr er eit viktig landemerke, som skal ha inspirert Virginia Woolf sin To the Lighthouse.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hayle