Hays Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 86°S 155°W
Hays Mountains
fjell
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Fjellkjede Dronning Maudfjella
Topp Ross Dependency
 - koordinatar 86°S 155°W
Administrert under Antarktistraktaten
Hays Mountains is located in Antarktis
Hays Mountains (Antarktis)

Hays Mountains er eit stor gruppe fjell og fjelltoppar i Dronning Maudfjella i Antarktis, som ragar over skiljet mellom dei lågare delane av Amundsenbreen og Scottbreen og som strekkjer seg frå området nær Mount Thorne i nordvest til Mount Dietz i søraust. Dei vart oppdaga av kontreadmiral Richard E. Byrd på flyturen hans til Sørpolen den 28. og 29. november 1929, og kartlagd av geolog-grupper under Byrd-ekspedisjonen i 1929 og 1934. Dei vart namngjevne av Byrd etter Will H. Hays, tidlegare direktør i Motion Picture Producers and Distributors of America.[1]

Mount Astor, eit kjend fjell i gruppa, vart namngjeve av Byrd etter Vincent Astor, frå Astor-familien, for dei filantropiske bidraga hans til ekspedisjonen i 1929.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hays Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).