Heðin M. Klein
Heðin M. Klein | |||
Fødd | 28. februar 1950 (74 år) Tórshavn | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Tjóðveldisflokkurin | ||
Yrke | politikar, lyrikar, omsetjar, lærar | ||
Utdanna ved | Føroya Læraraskúli | ||
Verv | Færøysk minister for fiskeri- og kommunalpolitiske saker 23. januar 1979–5. januar 1981 | ||
Føregangar | Petur Reinert | ||
Etterfylgjar | Olaf Olsen og Tórbjørn Poulsen | ||
Verv | Lagtingsmedlem 7. november 1974–8. november 1980 | ||
Alle verv |
Heðin Magni Kristin Súni Klein (fødd 28. februar 1950 i Tórshavn) er ein færøysk lyrikar, lærar, omsetjar, og tidlegare politikar for Tjóðveldisflokkurin.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Klein voks opp i ein fiskarfamilie attmed Gjógv. Han var sonen til Leivur Klein og Hanna Kristiansen. Farfaren hans var Daniel Klein, som ogso var fiskar og formann i Føroya Fiskimannafelag. Klein gjekk på realskulen og so på lærarskulen i Tórshavn og arbeidde som lærar på Sandur i perioden 1972–1983 og ved Eysturskúlin i Tórshavn i perioden 1983–1998. Han var dagleg leiar med skulebokforlaget Føroya Skúlabókagrunnur 1998–2004. I 2004 gjekk han attende til lærarstilling ved Eysturskúlin.[1][2]
Klein vart etterkvart vald inn på Lagtinget på vegnar av Sandoy med lagtingsvalet i 1974, som berre 24 år gamal. Hans Marius Joensen møtte opp på Lagtinget på vegnar av Klein, då han vart medlem av Atli Dam si tredje regjering. Då fekk han ansvaret for fiskeri- og kommunalpolitikken etter valet i 1978. Klein trekte seg deretter ut etter valet i 1980. Han var ogso medlem av kommunestyret på Sandur i perioden 1974–1979.[2][3]
Heðin M. Klein har gjeve ut ei rekkje diktsamlingar, både eigne verk og gjendiktingar frå andre språk (blant anna av Olav H. Hauge). Verka åt Klein har vorte omsette til ei rekkje språk, blant anna norsk. Han var formann for Rithøvundafelag Føroya i perioden 1994–1997 og 2006–2007, og var representant for forfattarlaget i Føroyska málnevndin. M.A. Jacobsens Heiðursløn fekk han tildelt for skjønnlitteratur i 1985 og 2016.[1][4][5]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1969 – Væmingar og vaggandi gjálv
- 1972 – Flytifuglur: savn við útlendskum yrkingum, med Steinbjørn B. Jacobsen
- 1983 – Strandvarp
- 1983 – Sjón og seiggj eftir Erlend Patursson, med Steinbjørn B. Jacobsen
- 1985 – Ljóðsins ljós
- 1987 – Frostrósan og aðrar søgur, med Kirsten Brix og Bergljót S. Joensen
- 1990 – Ein vakran summardag, omsetjing
- 1992 – Fjørið mítt, ævintýrheimur, med Bjørg Matras
- 1992 – Okkurt óreint í kálinum, omsetjing
- 1992 – Faðir mín, Sólin, med Rói Patursson, omsetjing
- 1993 – Tá ið dýrini bardust, omsetjing
- 1994 – Veggjagrøs
- 2004 – Móti tøgnini
- 2005 – Nú ríður tú heim, omsetjing av dikt etter Olav H. Hauge, Bókadeildin
- 2012 – Vatnskorpur fyri tøgnina. Egne dikt og oversettelser etter Paul Celan.
- 2014 – Afturljóð - úrvaldar yrkingar 1969 til 2014, Mentunargrunnur Studentafelagsins.
- 2014 – Tala tú eisini. Dikt etter Paul Celan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Heðin M. Klein» (på færøysk). H.N. Jacobsens Bókahandil. Arkivert frå originalen 10. september 2018. Henta 10. september 2018.
- ↑ 2,0 2,1 Dahl, Árni. «Ævisøgur». Løgtingið 150 – Hátíðarrit (PDF) (på færøysk) 2. Tórshavn: Løgtingið. s. 301. ISBN 978-99918-966-5-6. Arkivert frå originalen (PDF) 4. januar 2014.
- ↑ «Føroya landsstýrið síðan 1948» (på færøysk). Løgmansskrivstovan. Arkivert frå originalen 15. juni 2018. Henta 4. september 2018.
- ↑ «Heðin M. Klein (1950–)» (på færøysk). snar.fo. Arkivert frå originalen 10. september 2018. Henta 10. september 2018.
- ↑ Leo, Jens Hákun (20. oktober 2016). «Heðin M. Klein fekk M.A. Jacobsens virðisløn fyri Tað orðið». portal.fo. Arkivert frå originalen 21. oktober 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Heðin M. Klein» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mars 2024.