Heaphy Track

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsikt frå det høgaste punktet på ruta.
The Gouland Downs.
Skogparti vest for MacKay hut.
Nikaupalmar ved Heaphy River
Tasmanhavet ved munningen til Heaphy River.

Heaphy Track er ei populær fotturrute nordvest på SørøyaNew Zealand. Ho ligg i Kahurangi National Park og er rekna mellom Great Walks av Department of Conservation. Turen har fått namn etter oppdagaren, soldaten, landmålaren og parlamentsmedlemen Charles Heaphy. Turen er 78,4 km lang, og ein går han vanlegvis på fire eller fem dagar. Ruta går frå Kohaihai, nord for Karameaden nordlege vestkysten på Sørøya til den øvre elvedalen til Aorere River, innanfor Golden Bay.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner til at maorifolk slo seg ned langs det nedre elveløpet til Heaphy River så tidleg som på 1500-talet. Det er funne prov på at i det området der Heaphy Track går gjennom i dag, har det vore pre-europeisk tilhald av māoriar som leita etter pounamu (greenstone) i Gouland Downs-området.

Det første året namngjevne personar vitja dette orådet, var i 1846, då Charles Heaphy, Thomas Brunner og maoriføraren deira, Kehu, med hjelp av ein annan førar, Etau,[1] utforska kystområda langs ruta.

Den første oppteikna vandringa langs heile den tilnærma dagens rute, vart gjort av ein europeisk gullgravar med namn Aldrige i 1859. Ein annan tur, ved James MacKay og John Clark, fann stad det følgjande året.

Under og etter Gullrusjet i West Coast i 1860-åra vart området grundig utforska etter gull, og grunnlaget for dagens rute vart lagt av ulike skjerparar og landmålarar, som til dømes J.B. Saxon i 1888. Det vart ikkje funne gull i området, og etter 30 år vart skjerpinga avslutta, og kring år 1900 var ruta i røynda gløymd og overgrodd, og var sjeldan i bruk, fråsett ein og annan tilfeldig jeger.

Danninga av North-west Nelson Forest Park i 1965, som vart til Kahurangi National Park i 1996, førte til nyoppdaging og forbetring av ruta.

Ruta vert årleg brukt av fleire tusen vandrarar.[2]

Landskap langs ruta[endre | endre wikiteksten]

Heaphy Track er kjend for dei ulike landskapsformene som ruta går gjennom; kvar 20 km lange seksjon er tydeleg ulik den førre.

Frå aust mot vest startar ruta gjennom ein skog som er dominert av bøketre (Nothofagus). Ein del svingar fører opp til det høgaste punktet på ruta, på 915 m, med god utsikt til fjella omkring.

Lenger framme tek tussokgras over for skogen, og ein når raskt fram til Gouland Downs, eit stort område utan særpreg, drenert av talrike elver, med svingbruer som er til hjelp til å kryssa dei, når det er flaum.

No tek skogholt over for grasmyrene, og nær Gouland Downs Hut er bøkeskog, dekt av tjukk mose, ein rest av det fuktigaste skogane i det sørlege New Zealand.

Etter fleire kilometer med vekslande grasklumpar og og kratt, når ein fram til MacKay Hut, med breidt utsyn over til Tasmanhavet. Her startar ein lang nedfart gjennom krattskogen. Her dominerer gultre, av dei imponerande store rimutre.

I enden av denne nedstiginga, når ein fram til Heaphy River valley ved Lewis Hut. Stien følgjer no elvebreidda langs ein 8 km flat strekning, og kryssar Heaphy River og fleire sideelver over lange svingbruer. Her finn ein òg ein skog av nikaupalmar (Rhopalostylis sapida), kanskje det mest framståande kjenneteiknet til Heaphy Track.

Ein kjem fram til sjøen nær Heaphy Hut, ved munningen til Heaphy River. Den siste delen er vandring langs kysten, der sandstrender alternerer med skogområde dominerte av nikaupalmar.

Vegdebatt[endre | endre wikiteksten]

Frå 1950- til 1980-talet gjorde lokale krefter på Sørøya fleire framstøyt overfor sentrale styresmakter for å få bygd veg i området. Vegstyresmaktene såg imidlertid på framlegget som for kostbart, og ville ikkje prioritera dette tiltaket.[3]

Den velkjende kystripa med dei ikoniske nikaupalmelundane, ville vera svært utsett ved alle former for vegutbygging. Sjølv anlegg av ein enkel sti ved Crayfish Point, mange år tidlegare, førte til store utglidingar av palmelundar ut i sjøen. Motstandarane av forslaget om vegutbygging, meinte at dette også kunne verta ei følgje langs den svært smale, palmedekte kystripa, dersom vegutbygging skulle finna stad.

Fram til 1980-talet var trugsmåla mot turstien reelle, og innbyggjarane og styresmaktene i lokalsamfunna støtta for ein stor del utbygging av bilveg, i den tru at ein «rundtur for turistar» på Sørøya, ville auka tilgangen og populariteten til området. Motstandarane hevda at ein skade aldri kunne rettferdiggjerast, og at populariteten helst ville føra til at fleire menneske ville koma til området, og verta verande der i dagevis, heller enn å køyra gjennom og gjera seg nytte av rasteplassar.

Kampanjen for å «redda» sporet, og det mangeårige folkelege engasjementet for bevaring, var sentral for styresmaktene si endring i haldninga til miljøspørsmål. Regjeringa på New Zealand har seinare iverksett mange endringar for å dempa unødige øydeleggingar av miljøet.

Dei store kampanjane førte til betydeleg auka bruk av ruta. I seinare tid har bruken avteke, og ruta er no ein integrert del av dei store turopplevingane på New Zealand.

Etter som populariteten tiltok, vart meir ressursar sette inn på vedlikehald av ruta og tilrettegging av tenester langs henne. I dag er stien godt opparbeida og tilrettelagt, og kan brukast av ei vid aldersgruppe. Ei rekkje kommersielle aktørar tilbyr no vegvising og bagasjetransport.

Terrengsykling[endre | endre wikiteksten]

Før området vart gjort til nasjonalpark, var terrengsykling tillate på stien. I nasjonalparken er bruken av området regulert av nasjonalparklova (National Parks Act), som set fast at det ikkje er lov å ta køyretøy ut av utbygde vegar. Dette hindrar terrengsyklistar frå å bruka stien, og det har vore debattert om dette skal vera tillate, i alle fall til ein viss grad. Miljøstyresmaktene på New Zealand avgjorde at terrengsykling skulle vara lovleg att frå mai 2011, og i vintermånadane når talet på fotturistar er lågt.[4]. Terrengsykling vil vera tillate kvart år frå 1. mai for grupper på inntil seks personar [5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jock Phillips (13. juli 2012). «European exploration». Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand. Henta 1. februar 2015. 
  2. «Heaphy Track Mountain Bike Trial 2011-2013 report» (PDF). Department of Conservation. Henta 1. februar 2015.  Parameteren |accessdate= er ikkje støtta av malen. Meinte du |vitja=?) (hjelp)
  3. Sage, Eugenie (11 April 2001). «Road Proposals Similar to Smashin Mona Lisa». Forest and Bird. 
  4. «Greens: Heaphy Gem Opens For Mountain Bikers». Voxy. 8 December 2010. Henta 24. mai 2015. 
  5. Helen, Murdoch (10 December 2010). «Happy return to Heaphy Track». The Press (Christchurch). s. A17. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]