Heart Full of Soul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Heart Full of Soul»
Singel av The Yardbirds
B-side «Steeled Blues»
Utgjeve Juni 1965
Sjanger Rock, bluesrock, psykedelisk rock
Lengd 2:27
Selskap Columbia DB 7594 (UK) Epic 9823 (US)
Låtskrivar(ar) Graham Gouldman
Produsent Giorgio Gomelsky
The Yardbirds-kronologi
«For Your Love»
(1965)
«Heart Full of Soul» «Evil Hearted You»
(1965)


«Heart Full of Soul» er ein song av The Yardbirds frå 1965. Han vart skriven av Graham Gouldman, som seinare hadde ein lang karriere i bandet 10cc.

Singenl nådde niande plass i USA, andreplass i Storbritannia og tiandeplass i Noreg. Songen er ein av dei første der det vert nytta fuzzbox, av gitarist Jeff Beck, på gitarsoloen. Opphavleg vart det meininga at bandet skulle nytte ein sitar i tråd med den «austlege» stemninga i songen, men lyden vart for tynn og i staden laga Beck ein sitarliknande effekt på gitaren. Det finst ei utgåve på ei samleplate med sitar.[1]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
UK Singles (The Official Charts Company)[2] 2
Canada RPM 100[3] 2
Noreg (VG-lista)[4] 10
Den tyske singellistas[4] 7
US Billboard Hot 100[2] 9
US Cash Box Top Singles[2] 12

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bellman, Jonathan (1998). The Exotic in Western Music, s. 297. Northeastern University Press. ISBN 1-55553-319-1.
  2. 2,0 2,1 2,2 Koda, Cub; Russo, Gregg (2001). Ultimate! (Boxed set booklet). The Yardbirds. Los Angeles: Rhino Records. s. 30, 45, 48. OCLC 781357622. R2 79825. 
  3. «RPM 100 – Week of October 04 1965». Libraries and Archives Canada. Henta 4. august 2016. 
  4. 4,0 4,1 «The Yardbirds – Heart Full of Soul (Song)». norwegiancharts.com. Henta 4. august 2016.