Heart of Stone av Andreas Kümmert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Heart of Stone»
Singel av Andreas Kümmert
Land Tyskland
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Andreas Kümmert og Christian Neander

«Heart of Stone» (engelsk for Hjarte av stein) er ein song av Andreas Kümmert. Songen er skriven av Andreas Kümmert og Christian Neander.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Unser Song für Österreich[endre | endre wikiteksten]

«Heart of Stone» vart framført på engelsk av Andreas Kümmert i andre runde av Unser Song für Österreich, den tyske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike. Bidraget gjekk vidare til tredje runde, der bidraget kjempa om sigeren mot «Black Smoke» av Ann Sophie. «Heart of Stone» fekk 78,7 prosent av røystene og vann tevlinga, men Kümmert gav sigeren til «Black Smoke» og Ann Sophie under sigersintervjuet før han skulle framføre vinnarsongen på nytt. Programleiar Barbara Schöneberger utropte dimed «Black Smoke» som ny vinnar, og «Heart of Stone» fekk ikkje representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2015.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Heart of Stone» (engelsk). 4lyrics.eu. Henta 8. mars 2015. 

Mal:Songar i Unser Song für Österreich