Heartbreaker av Led Zeppelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heartbreaker
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin II
Utgjeve 22. oktober 1969
Innspelt Mai 1969, A&R Studios, New York
Sjanger Hardrock, heavy metal, bluesrock
Lengd 4:14
Selskap Atlantic Records
Komponist Jimmy Page
Tekstforfattar Jimmy Page
Låtskrivar(ar) John Bonham, John Paul Jones, Jimmy Page, Robert Plant
Produsent Jimmy Page

«Heartbreaker» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin som kom ut på albumet deira Led Zeppelin II i 1969. Han er tilskriven alle fire medlemmane i bandet og vart spelt inn i A&R Studios i New York, under den andre turneen deira i USA. Lydteknikar var Eddie Kramer.

«Heartbreaker» opnar side to av LPen og er kjend for gitarriffet til Jimmy Page, samt ein akkompagnementlaus gitaroslo, som han improviserte der og då under innspelinga. Soloen er stemnt fram som den 16. beste soloen gjennom tidene av Guitar World. «Heartbreaker» vart rangert på 320. plass i 2004 av Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Songen byrjar med eit aggressivt riff rundt ein bluesskala, etterfølgd av kraftige powerakkordar under versa frå både gitaren og bassen. Soloen til Page føljer der han speler raske hammer-on og pull-off på gitarstrengane. Soloen endar med ein blues-klisje før resten av bandet kjem inn for del to av soloen og siste verset.

I eit intervju Page gav Guitar World i 1998 sa han:

« Det interessante med soloen er at han vart spelt inn etter at «Heartbreaker» var ferdig, det var ein attpåklatt. Heile delen vart spelt inn i eit anna studio og vart limt inn i midten. Om du legg merke til det kan du høyre at heile gitarlyden er annleis.[1] »

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart ein publikumsfavoritt på Led Zeppelin-konsertane og bandet opna mange av konsertane sine i 1971 og 1972 med «Immigrant Song», som så glei rett over i «Heartbreaker». På seinare konsertar vart han ofte spela som ekstranummer. «Heartbreaker» og «Communication Breakdown» vart dei einaste songane som vart spelte kvart år bandet turnerte.

Page improviserte ofte under soloen på konsertane, og spela stundom delar av Bach sin «Bourrée i e-moll» frå hans Lutt-suitar (kan høyrast på konsertalbuma Led Zeppelin BBC Sessions og How the West Was Won), samt Simon and Garfunkel sin «The 59th Street Bridge Song (Feelin' Groovy)». Stundom inneheldt òg soloen den tradisjonelle engelske folkesongen «Greensleeves».

Ein filma versjon frå 1973 i Madison Square Garden i New York finst på konsertfilmen The Song Remains The Same, men vert berre vist stykkevis. I mange år var ikkje denne versjonen med på det tilhøyrande filmmusikkalbumet, før albumet kom ut på ny i 2007 med heile konserten og songen inkludert.

Songen vart spelt av Led Zeppelin siste gong den 29. juni 1980, i Zürich. Etter at Bonham døydde spelte dei gjenverande medlemmane songen på Atlantic Records 40th Anniversary i 1988, i Madison Square Garden i New York, med sonen til Bonham, Jason Bonham på trommer. Jimmy Page har òg spela songen på turne med The Black Crowes i 1999, og ein versjon av dette finst på albumet Live at the Greek.

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

«Heartbreaker» er ein av songane i Nick Hornby-boka 31 Songs. Plateprodusent Rick Rubin har sagt om songen: «Eit av dei største riffa i rocken. Songen startar, og det er som dei ikkje veit kvar den «eine» er. Magisk i sin tafattheit.»[2] Steve Vai kommenterte òg songen i september 1998 i eit intervju med Guitar World: «Dette er songen som hadde størst innverknad på meg som ungdom. Han var utfordrande, dristig og skarp så berre det. Det er verkeleg ein av dei definitive gitarsoloane i rocken.»[3] Rockebandet Nirvana spela sonen på den første konserten sin den 7. mars 1987 i Raymond Washington. Denne vart gjeven ut i boksen With the Lights Out.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, "Light and Shade", Guitar World, Januar 1998.
  2. The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 23. mars 2011.
  3. Jeff Kitts and Brad Tolinski. Guitar World presents one hundred greatest guitarists of all time