Heather Bergsma
| Heather Bergsma | |
| Statsborgarskap | USA |
| Fødd | 20. mars 1989 (37 år) High Point |
| Idrett | lengdeløp på skeiser, hurtigløp på inline-skøyter |
| Tok del i | Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014 |
Heather Bergsma, opphavleg Heather Richardson, (fødd 20. mars 1989 er ein USA-amerikansk tidlegare skeiserennar som i 2013 vart verdsmeister i sprint-firkamp. Ho er sidan 2015 gift med Jorrit Bergsma.
Richardson utmerka seg under dei olympiske leikane 2010 i Vancouver med ein sjetteplass på 500 meter og ein niandeplass på 1000 meter. I Skeise-VM 2011 i sprint-firkamp måtte ho nøye seg med fjerdeplassen, hårfint bak nummer 2 og nummer 3. Etter ein sjetteplass i sprint-verdsmeisterskapen 2012, kom ho sterkare tilbake i 2013-sesongen. Under sprint-verdsmeisterskapen i Salt Lake City heldt ho unna for kinesiske Yu Jing, tittelforsvararen, og sikra seg sin største triumf på skeisebana. Eitt år seinare kom Richardson på tredjeplassen i Skeise-VM 2014 i sprint-firkamp, avvikla i Nagano. Åra 2015, 2016 og 2017 vart ho nummer 2 i samtlege tre verdsmeisterskap. I 2015 og 2016 måtte sjå seg slått av landskvinna Brittany Bowe, i 2017 var det japanske Nao Kodaira som vart for sterk.
Richardson Bergsma vann tre gullmedaljar i VM enkeltdistansar. I 2011 sigra ho på 500 meter, medan ho i 2017 triumferte på såvel 1000 meter som 1500 m i sørkoreanske Gangwon. I alt sanka ho 9 medaljar i fire ulike VM i enkeltdistansar åra 2011-17. Hennar einaste olympiske medalje var bronsen ho fekk i lagtempo med USA under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Heather Bergsma» frå Wikipedia på tysk, den 6. mars 2026.