Heaven's Open

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heaven's Open
Studioalbum av Michael Oldfield
Utgjeve 18. februar 1991
Innspelt Seint 1990
Sjanger Rock, poprock, progressiv rock
Lengd 43:13
Selskap Virgin
Produsent Tom Newman
Mike Oldfield-kronologi 
Amarok
(1990)
Heaven's Open Tubular Bells II
(1992)


Singlar frå Heaven's Open
  1. «Heaven's Open»
    Utgjeve: Januar 1991
  2. «Gimme Back»
    Utgjeve: 1991
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Heaven's Open er det 14. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1991. Det var det siste albumet han gav ut på Virgin, og det einaste han gav ut under namnet Michael Oldfield, i staden for Mike Oldfield. Produsenten på albumet, Tom Newman, stava òg namnet sitt på uvanleg måte på albumet, som Thom Newman.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Med utgjevinga av Heaven's Open i 1991 var Oldfield glad for å forlate Virgin Records.[2][3] Ein kan høyre eit siste farvel til Virgin heilt mot slutten av «Music from the Balcony», der ein kan høyre ein stille latter og Oldfield som seier «Fuck off!».

Heaven's Open er det einaste albumet der Oldfield syng all solovokal sjølv.[3]

Etter han forlet Virgin gav Oldfield ut det mykje venta Tubular Bells II i 1992 med Warner Brothers.

Samanheng med andre Oldfield-album[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget er ein variant av det opphavlege omslaget til Tubular Bells, då arbeidstittelen var Breakfast in Bed. På dette omslaget draup det blod frå egget, i staden for eggeplomme.[4] Arbeidstittelen for Heaven's Open var Man in the Rain.[5] Songen «Heaven's Open» var hovudsakleg ein tidleg versjon av «Man in the Rain».[5] Tittelen «Man in the Rain» vart seinare nytta av Oldfield på ein singel frå Tubular Bells III.

Stilmessig går Heaven's Open attende til den kommersielle stilen til Oldfield frå tidleg til midten av 1980-åra, med radiovenlege poprocksongar, og eit lengre, progressivt stykke. I motsetnad til tidlegare album, som Five Miles Out og Crises, avsluttar den lengre komposisjonen albumet i staden for å opne det.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

«Gimme Back» og tittelsporet «Heaven's Open» vart gjeve ut på singlar i 1991. Begge desse vart òg gjevne ut under namnet Michael Oldfield.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spor skrivne av Mike Oldfield.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Make Make»4:18
2.«No Dream»6:02
3.«Mr. Shame»4:22
4.«Gimme Back»4:12
5.«Heaven's Open»4:31
Side ein
Nr.TittelLengd
6.«Music from the Balcony»19:44

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Heaven's OpenAllmusic
  2. «Mike Oldfield has regained his balance back». MAN «El Hombre. December 1992. Henta 3. juli 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Not Totally Tubular». Dave Thompson - Goldmine. 18. juli 1997. Arkivert frå originalen 22. mai 2008. Henta 3. juli 2020. 
  4. «Tubular Bells - Notes». The Official Mike Oldfield Information Service. Arkivert frå originalen 29. april 2008. Henta 3. juli 2020. 
  5. 5,0 5,1 «Mike Oldfield Secrets». Amadian. Arkivert frå originalen 9. februar 2020. Henta 3. juli 2020.