Hebrearar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hebrearane)

Hebrearar (hebraisk eintal ivri, fleirtal ivrim ibrim) er ei nemning brukt i Det gamle testamentet/Tanákh om dei gamle israelittane.[1]

I Bibelen er patriarken Abraham omtalt ein enkelt gong som ivri. Omgrepet «hebrear» opptrer i den hebraiske Bibelen (Tanákh) både som namnet gjeve til Israelsfolka av andre folk, og som det dei nytta på seg sjølv.[2] Guden deira omtalar seg sjølv som «Gud for hebrearane» når han taler til Moses.[3]

I gresk og romersk tid kunne det greske ordet hebraios visa til jødar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Barstad, Hans M. (26. august 2014). «Hebreer». Store norske leksikon. 
  2. Jon 1:9, Jeremia 34:9, Femte Mosebok 15:12, Andre Mosebok 21:2, Første Mosebok 40:15
  3. Andre Mosebok 3:18