Heckler & Koch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heckler & Koch logo
Heckler & Koch G36

Heckler & Koch GmbH (H&K) er eit tysk våpenselskap.

Heckler & Koch er kjend for sine produksjonsseriar av ulike handvåpen, til dømes pistolen P30L, som er tenestepistol i Politi- og lensmannsetaten i Noreg, maskinpistolen MP5 og automatgeværet G3. Sistnemnde har Kongsberg Våpenfabrikk lisensprodusert for Det norske forsvaret som AG-3 (Automatgevær 3).

H&K vart grunnlagd av Edmund Heckler, Theodor Koch og Alex Seidel i 1949. I byrjinga produserte dei symaskinar og annan finmekanikk. Dette forandra seg då selskapet produserte ei rifle for det tyske forsvaret i 1956. I 1991 vart H&K kjøpt opp av British Aerospace (noverande BAE Systems). Dette førte til at H&K fekk britiske oppdrag som til dømes oppgraderinga av SA80. På 2000-talet vart H&K kjøpt av lokale tyske investorar.

Selskapet held til i Oberndorf am Neckar sør for Stuttgart i den tyske delstaten Baden-Württemberg, men har òg dotterselskap i USA.

Kjende våpen frå H&K[endre | endre wikiteksten]

  • Pistolar: HK USP, HK UCP, HK P7, P30L, VP70
  • Maskinpistolar: MP5, MP7, UMP
  • Automatgevær : G3/AG-3, HK417, HK416, HK G36, HK 33, HK53, HK XM8, HK 433
  • Halvautomatiske sportsvåpen: HK SL6, HK SL7, HK SL8, HK 630, HK 770, HK 940
  • Skarpskyttarrifler: HK MSG-90, HK PSG-1
  • Maskingevær: HK21E, HK MG4
  • Granatkastarar: HK 69, HK79, AG36, HK GMG

Kjelder[endre | endre wikiteksten]