Heckler & Koch HK417

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
HK417 skarpskyttarrifle

HK417 er eit moderne automatgevær frå tyske Heckler & Koch som er «storebroren» til HK416. Av utsjånad liknar det Colt M4, mekanisk er det basert på G36 og det har kaliber 7,62 × 51 mm Nato (medan HK416 brukar 5,56mm). HK417 vert ikkje selt på den sivile marknaden. Eit konkurransevåpen, MR308 som er basert på HK417, er under utvikling, og har vorte godkjent av tyske politistyresmakter. Dette har òg vorte typegodkjent for praktisk skyting i Noreg. Vesentlege delar av MR308 er svært ulike HK417, for at det ikkje skal vera mogleg å byggja det om til å gje heilautomatisk eld med delar frå HK416.

Skarpskyttar frå den norske heimevernsgruppa «Bjørn Vest» væpna med ei HK417 skarpskyttarrifle

.

HK417 12″ 'Assaulter'-modell

Det norske forsvaret har kjøpt inn nokre HK417, desse vil mellom anna brukast som skarpskyttargevær.[1][2][3] Denne artikkelen har difor fokus på skarpskyttervarianten: HK417 20".

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 20. oktober 2007. 
  2. Offisersbladet nr. 3 mai 2007
  3. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2. februar 2009.