Hecla Hoek-bergartane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hecla Hoek-bergartane er eit omgrep som tidlegare vart nytta om metamorfe, kambrosiluriske og underliggande prekambriske bergartarSpitsbergen. Namnet kjem av fjellet Heclahuken ved Sorgfjorden på nordaustspissen av Ny Frisland.

Sekvensen er opp mot 18 km tjukk og omfattar sedimentære og vulkanske bergartar som no er omdanna til skifer, kvartsitt, kalkstein, marmor og gneis. Lokalt er dei folda og gjennomtrengt av granitt under den kaledonske orogenesen.

Bergartskomplekset som er størst og eldst kjem frå prekambrium. Frå denne alderen finst det to lag av morenekonglomerat (tillitt) frå den seinprekambriske istida og fossil av bågrønbakteriar eller stromalittar. I dei yngre laga finn ein fossil frå kambrium og ordovicium. Dei fleste er av amerikansk-arktisk type, men nokre viser overgang til europeisk type, noko som bidrar til å forklare platetektonikken i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]