Hedared stavkyrkje

Koordinatar: 57°48′32″N 12°44′47″E / 57.80889°N 12.74639°E / 57.80889; 12.74639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

57°48′32″N 12°44′47″E / 57.80889°N 12.74639°E / 57.80889; 12.74639

Hedared stavkyrkje
Interiøret

Hedared stavkyrkje (svensk Hedareds stavkyrka) er den einaste bevarde mellomalderstavkyrkja i Sverige. Kyrkja ligg i Hedared i Borås kommune i Västra Götalands län. Ho er den einaste bevarde mellomalderstavkyrkja utom Noreg som står på plassen der ho vart bygd. Kyrkja er i bruk og det vert helde gudsteneste i henne annankvar sundag.

Type og datering[endre | endre wikiteksten]

Hedared stavkyrkje er eit lita einskipa langkyrkje av Haltdalen-typen og er soleis mellom dei enklaste stavkyrkjene me kjenner til. Ho har eit skip og eit lite kor med rak avslutting, forbunde til austveggen.

På grunnlag av typen daterte ein lenge denne kyrkja til 1200-talet, men ny forsking og bruk av årringdatering har slege fast at tømmeret som er brukt var feld først i 1501 (+2/-3 år). Grunna tørketida tømmeret trong tok det to til tre år før tømmerert kunne nyttast. Kyrkja kan slik tidlegast ha vore bygd to år seinare. Eit biskopbrev frå 1506 der bygginga av kyrkja er omtald, stør også opp om denne dateringa.

Eksteriøret[endre | endre wikiteksten]

Ytterveggane er av konvekse eikeplankar som vert haldne saman av tradisjonelle vertikale stolpar (hjørnestavar) og svill og stavlegje.

Under ei renovering i 1781 fekk kyrkja eit nytt våpenhus og små rektangulære vindauge. Ein trur at det ikkje var vindauge i kyrkja før dette, men det er usikkert. Våpenhuset vart rive att i ei ny renovering i 1901, då riksantikvaren ynskte å tilbakestille kyrkja til opphavleg utsjånad. Kyrkja vart endå ei gong renovert i åra 1995-97.

Interiøret[endre | endre wikiteksten]

Det er ein del som peikar mot at det har vore ei eller fleire kyrkjer på staden før kyrkja som no står der. Under ei renovering i 1934-35 fann ein ei altartavle som var måla rett på ytterveggen. Bilete syner kroninga av Maria møy og det vert datert til slutten av 1300-talat. I kyrkja er det òg eit Madonnabilete som vert datert til 1200- eller 1300-talet. Eit målarstykke som viser Frans av Assisi vert datert til same perioden. Vidare er det eit fransk krusifiks frå 1100-talet og ein nattverdskalk frå 1200-talet.

Kyrkjeinventaret er velbevard. Det har vore hevda at taksperra skulle vere frå 1100-talet, men riksantikvaren meiner tvert om at dei er utskifte. Korveggene er dekorerte med figurmåleri som ein meiner er frå tida då kyrkja vart bygd. Måleri i skipet skal vere frå renoveringa i 1735. Den faste innreidinga er i sein barokkstil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Hedareds stavkyrka» henta frå Wikipedia på svensk 6. september 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hedared stavkyrkje