Heddal
Utsjånad
| Heddal | |||
| stad | |||
Heddal stavkyrkje frå 1200-talet. Foto: Eelco Cramer | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Telemark | ||
| Kommune | Notodden | ||
| Ferdselsårer | E134 | ||
![]() Heddal 59°34′58″N 9°10′00″E / 59.582678309533°N 9.1665403283011°E | |||
| Wikimedia Commons: Heddal | |||
Heddal er ei bygd, eit kyrkjesokn og eit tidlegare prestegjeld i Notodden kommune i Telemark. Heddal var eigen kommune frå 1838 til 1964.
Heddal stavkyrkje ligg i Heddal.
Forfattaren Olav Kaste var oppvaksen, budde og arbeidde som lærar i Heddal.
Heddal kommune
[endre | endre wikiteksten]Heddal kommune vart oppretta i 1838 som Hitterdal formanskapsdistrikt. I 1913 vart Notodden skild ut som eigen kommune. Ved delinga budde det 2890 personar i gjenverande Heddal kommune, medan det budde 4821 personar i Notodden kommune. Saman med Gransherad kommune og Rudsgrenda, som hadde høyrd til Hovin kommune, vart Heddal kommune slegen saman med Notodden kommune i 1964. Ved samanslåinga budde det 4844 personar i Heddal komune.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
- [http://www.digitalarkivet.no/norkart/telbus.htm Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine. Kart over gamle kommunegrenser i Telemark på Arkivverket sin nettstad Digitalarkivet.no
Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
