Hedevig Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hedevig Lund
Bernt Lund og hustru Hedevig, f. Erichsen - Olsen & Thomsen - Oslo Museum - OB.F03810c.jpg
Bernt og Hedevig Lund på 1860-talet
Fødd 11. juni 1824
Kristiansand
Død

16. mars 1888
Christiania

Yrke kunstmålar

Hedevig Lund (fødd Hedevig Thorine Christine Erichsen11. juni 182416. mars 1888) i Christiania[1][2] var ein norsk målar fødd i Kristiansand.

Bunadkledd pike i svalgang (1849)
Landskapsstudie Borrevannet
Olje på lerret oppkleba på papp-plate.Mål: 32 x 44,5 cm
Måleriet tilhøyrer Nasjonalgalleriet.
Frå DigitaltMuseum.

Hedevig Lund var dotter av Ole Wilhelm Erichsen som var statsråd og marineminister og eigde Semb gard i Borre i Vestfold, og kona hans Abel Marie, fødd Isaachsen.[1] Ho fekk først opplæring i målarkunst av Johan Gustaf Köhler i Stockholm, der ho budde medan faren var statsråd. Ho hadde si første utstilling i Børslocalet i Christiania (Oslo) i 1845.[3] I 1846-47 var ho elev av Carl Sohn og Adolph Tidemand i Düsseldorf.[2]

Som kunstnar er Lund særleg kjend for portretta sine. Ho fekk eit gjennombrot med eit portrett av mora.[2] Seinare utførte ho fleire bestillingsverk til Eidsvollsbygningen sitt galleri over medlemmer av Riksforsamlinga.[1] Ho måla også landskap, mellom anna Landskapsstudie Borrevannet (no ved Nasjonalgalleriet), og nokre sentimentale seinromantiske genrebilde, til dømes av kvinner i folkedrakt.[2]

Ho gifta seg med offiseren, forfattaren og målaren Bernt Lund i 1847.[1] Begge ektefellane tok ein lang pause i målinga, Hedevig frå 1856. Men saman måla dei altertavla Jesus i Getsemane (1867/68) som i dag er i Stokken kyrkje, medan ei identisk altertavle til Våler kyrkje i Solør truleg blei utført av Hedevig Lund åleine. Ekteparet tok over Semb gard i 1880.[1] Rundt denne tida byrja dei også å måla att. Landskapsstudie Borrevannet er frå denne tida.[2]

Hedevig Lund var søskenbarn av målaren Ole Isaachsen, som ho gav opplæring i målarkunst til.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hedevig Lund