Hopp til innhald

Hedgefond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hedgefond (frå engelsk hedge, 'gardera seg') er verdipapirfond som kan investera i aksjar, opsjonar, valuta, råvarer og rentepapir. Dei kan òg driva med shorthandel og slik tena pengar på kursnedgang.

Hedgefond tek ofte mykje høgre gebyr enn vanlege aksjefond. Prinsippet «to og tjue» har vore ein bransjestandard for hedgefondgebyr og tyder at ein investor i fondet lyt ut med to prosent årleg gebyr og får tjue prosent av avkastinga til fondet.

Forsking tyder på at hedgefond ålment ikkje gir meiravkasting for investorar etter gebyr, men at dei oppnår noko meiravkasting før gebyra er fråtrekte.