Hedevig Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hedvig Lund)
Hedevig Lund

Bernt og Hedevig Lund på 1860-talet
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juni 1824
Kristiansand kommune
Død

16. mars 1888 (63 år)
Christiania

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett, sjangermåleri, landskapsmåleri
Far Statsråd Ole Erichsen
Ektefelle Bernt Lund
Born Ole Wilhelm Lund, Alf Lund
Hedevig Lund på Commons

Hedevig Lund (fødd Hedevig Thorine Christine Erichsen11. juni 182416. mars 1888)[1][2] var ein norsk målar under romantikken. Ho var blant dei første norske kvinnene som fekk ei profesjonell utdanning som kunstnar.[3] Lund vart kjend som portrettmålar, og måla fleire portrett av eidsvollmenn på bestilling frå Eidsvollsgalleriet. Måleria hennar Bunadkledd pike i svalgang (1849) og Landskapsstudie fra Borrevannet (1878) er ved Nasjonalgalleriet.[4]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Hedevig Lund var fødd i Kristiansand som dotter av Ole Wilhelm Erichsen og kona hans Abel Marie, fødd Isaachsen.[1] Faren var statsråd og marineminister og eigar av Semb Hovedgård i Borre i Vestfold. Hedevig Lund fekk først opplæring i målarkunst av Johan Gustaf Köhler i Stockholm, der ho budde medan faren var statsråd.[5]

Ho hadde si første utstilling i Børslocalet i Christiania (Oslo) i 1845.[5] I 1846-47 var ho elev av Karl Sohn og Adolph Tidemand i Düsseldorf.[2] Ho tok særleg til seg den idealiserande portrettstilen til Sohn.[6]

Som kunstnar er Lund særleg kjend for portretta sine. Ho fekk eit gjennombrot med eit portrett av mora som ho måla i Düsseldorf i 1846 og stilte ut i februar 1847 ved Christiania Kunstforening.[2] Dette bildet er no i privat eige.[7] Seinare utførte ho fleire bestillingsverk til Eidsvollsbygningen sitt galleri over medlemmer av Riksforsamlinga.[1] Ho måla portrett av kvinner frå borgarskapet, og var relativt aktiv fram til 1854.[5] På denne tida måla ho også nokre sentimentale seinromantiske genrebilde, til dømes av kvinner i folkedrakt. Ho laga også kopiar av portrett.[2]

Ho gifta seg med offiseren, forfattaren og landskapsmålaren Bernt Lund i 1847. Også han hadde studert måling i Düsseldorf.[1] Lund arbeidde som vegingeniør, og reiste mykje. Hedevig følgde ofte med han på reisene.[5] Begge ektefellane hadde ein lang pause i målinga, Hedevig måla svært lite i 20-25 år frå 1856. Men saman måla dei altertavla Jesus i Getsemane (1867/68) som i dag er i Stokken kyrkje, medan ei identisk altertavle til Våler kyrkje i Solør truleg blei utført av Hedevig Lund åleine. Ho måla også eit portrett av ektemannen i 1870.[5]

Ekteparet tok over Semb Hovedgård frå mor til Hedevig i 1880.[1] Rundt denne tida byrja dei også å måla att. Hedevig Lund måla no fleire landskap frå området[8] i ein fornya stil.[3] Landskapsstudie Borrevannet (1878) er frå denne tida.[2] Dette landskapsmåleriet er no ved Nasjonalgalleriet.[3]

Hedevig Lund var søskenbarn av målaren Olaf Isaachsen, som ho gav opplæring i målarkunst til.[9] Ho var mor til ingeniørane Ole Wilhelm Lund (1848–1915) og Alf Lund (1851–1918) og farmor til Diderich Hegermann Lund (1888–1986), som også var ingeniør og ein pioner innan norsk utviklingshjelp.

Ho blei enke i 1885, og busette seg i Christiania. Ved folketeljinga i 1885 budde ho i Cort Adelers gate 18 med ein son.[10] Ho døydde 63 år gammal i Christiania og blei gravlagd ved Vår Frelsers gravlund.[11]

Kjende verk[endre | endre wikiteksten]

Bunadkledd pike i svalgang (1849). Olje på lerret. Mål: 81,9 x 63,1.
Landskapsstudie Borrevannet
Olje på lerret oppkleba på papp-plate. Mål: 32 x 44,5 cm
Måleriet tilhøyrer Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Bunadkledd pike i svalgang frå 1849 er eit nasjonalromantisk prega portrett som framstiller ei ung kvinne i folkedrakt eller bunad. Drakta kan ikkje stadfestast til ein bestemt stad, men sølja til kvinna kan peika mot Hallingdal. Kvinna har eit strikketøy hengande i eine handa. Svalgangen ho står i ser ut til å vera eit bygg i tradisjonell norsk lafteteknikk. Bakgrunnen er ein pittoresk dal med høge fjell, nokre av dei snøtoppa.[3]

Landskapsstudie fra Borrevannet (1878) er ei naturtru skildring av Borrevannet med ein tørr grasbakke i framgrunnen og vatnet i bakgrunnen. Ulike tre rammar inn utsynet mot horisonten, og bildet «framstår som en invitasjon videre inn i landskapet».[3] Norsk kunstnerleksikon skildrar det som «friluftsmaleri utført med lys palett, men med en bevisst komposisjon og utpenslet overflate.»[5]

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

I 1927 blei det halde ei minneutstilling over verka til ekteparet Lund hjå Blomqvist Kunsthandel i Oslo.[1]

Verk av Hedevig Lund blei viste ved desse kollektivutstillingane:[5]

  • Markedsutstilling, Børslocalet, Christiania, 1845
  • Christiania Kunstforening, 1847-1852
  • Bergens Kunstforening, 1852
  • Bergens Kunstforening, 1859
  • Trondheim Kunstforening, 1850-1869
  • Kgl. Akademiens utstilling, Stockholm, 1850
  • Charlottenborgutstillingen, København, 1851
  • Skandinavisk utstilling, Christiania, 1852
  • Nordisk utstilling, Stockholm, 1866
  • Kvinnen og kunsten, Kunstnernes Hus, Oslo, 1975

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Bernt Lund i Norsk biografisk leksikon
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Norsk kunstnerleksikon, 2 : H-M side 808
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Ei av de første», Nasjonalmuseet (på norsk bokmål), henta 9. juli 2020 
  4. Hedevig Thorine Christiane Lund . nasjonalmuseet.no
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Wichstrøm, Anne (20. februar 2017). «Hedevig Lund». Norsk kunstnerleksikon (på norsk). 
  6. «Hedevig Lund». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 26. februar 2020. 
  7. «Abel Marie Erichsen (the artists mother) - Abel Marie Erichsen (kunstnerens mor) - Lund, Hedevig - O. Væring», ovaering.no, henta 11. juli 2020 
  8. «Reis i samlingen: 6 stopp langs kysten fra Oslo til Ny-Hellesund», Nasjonalmuseet (på norsk bokmål), henta 9. juli 2020 
  9. Norsk kunstnerleksikon, 2 : H-M side 341
  10. Hedevig Lund i folketelling 1885 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet. Frå lokalhistoriewiki.no
  11. Morgenbladet 1888.03.21. Oslo. 21. mars 1888. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hedevig Lund