Hefnerlys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hefnerlys er ei tidlegare nytta måleining for lysstyrke, definert ut frå hefnerlampen.

Eininga vart etter kvart avløyst av eininga candela og 1 hefnerlys er det same som 0,92 candela. Dette skjedde i Noreg og ein del andre land i 1948 og internasjonalt i 1954.

Trass i ein tilsynelatande primitiv definisjon viste eininga seg å vere reproduserbar innanfor ei grense på 1 %, noko som har vore vanskeleg å oppnå med elektriske lyskjelder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]