Heftziba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°31′4.8″N 35°25′31.44″E
Heftziba
landsby
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Gilboa
Distrikt Nord distrikt
Kommune Gilboa
Koordinatar 32°31′4.8″N 35°25′31.44″E
Folketal 365 (2008) [1]
Grunnlagd 1922
 - Grunnlagd av Immigrantar frå Tsjekkoslovakia og Tyskland
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Heftziba

Heftziba (hebraisk חֶפְצִיבָּהּ) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg mellom Jezreel- og Beit She'an-dalen og byane Afula og Beit She'an og høyrer til Gilboa regionale kommune. Heftziba har eit folketal på 374.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd i 1922 av emigrantar frå Tsjekkoslovakia og Tyskland. Han er kalla opp etter ein gard som ligg nær Hadera, der dei første nybyggjarane arbeidde før dei vart flytta og slo seg ned her. Dette namnet kjem igjen i frå Bibelen, der Gud talar om kjærleiken sin til Israel: « Den eg har kjær.» (Jesaja 62:4)

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Beit Alfa-synagoga nasjonalpark ligg her, og ikkje, som ein kunne tru, i den nærliggande kibbutzen Beit Alfa. Dette er ei gammal bysantinsk synagoge, med eit mosaikkgolv som syner hebraiske månadar som svarar til teikna i dyrekrinsen.[2][3] Synagoga og den nærliggande kibbutzen har fått namn frå ein arabisk landsby som låg her tidlegare, Khirbet Bait Ilfa, som ein trur kjem frå namnet på den eldre jødiske busetnaden som synagoga låg i.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 10. oktober 2014. 
  2. «Beit Alfa Synagogue nasjonalpark (on kibbutz Hefzibah)». Israelsk naturverns- og nasjonalparkstilsyn. Arkivert frå originalen den 20. oktober 2007. Henta 22. februar 2015. 
  3. Goldman, Bernard, The Sacred Portal: a primær symbol in ancient Judaic art, Detroit : Wayne State University Press, 1966. It has a detailed account and treatment of the mosaikk at the Beit Alfei synagoge.