Hegang
Hegang | |||
byprefektur | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Hegang | |||
Wikimedia Commons: Hegang | |||
Hegang er eit byprefektur nordaust i provinsen Heilongjiang i Kina, med grense mot Russland i nord. Byprefekturet har eit areal på 14 784 km² og 1 058 665 innbyggjarar i 2010.
Byprefekturet Hegang omfattar seks distrikt (区 qū) og to fylke (县 xiàn).
Næring[endre | endre wikiteksten]
Hegang er sentrum i eit av Kinas viktigaste steinkolområde med ein årleg produksjon på kring om 10 millionar tonn.
Samferdsle[endre | endre wikiteksten]
Riksveg 201 i Kina tek til i Hegang og fører via mellom andre Mudanjiang og Dandong sør til Liaodong-halvøya til Lüshunkou/Dalian.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Hegang» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Hegang» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2012.