Hege Bae Nyholt
Utsjånad
| Hege Bae Nyholt | |||
| | |||
| Fødd | 2. august 1978 (48 år) Lillehammer kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Raudt | ||
| Yrke | barnevernspedagog, politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Hege Bae Nyholt (fødd 2. august 1978) er ein norsk barnehagelærar og politikar frå Trondheim. Ho har sidan 2021 representert Sør-Trøndelag og partiet Raudt på Stortinget.[1]
Nyholt er barnevernspedagog og er elles utdanna i tverrfaglege kulturstudiar. Ho har sidan 1990-åra vore aktiv i Palestinakomiteen og engasjert i solidaritetsarbeid for Libanon og den såkalla Vestbreidda. Ved valet til nye Trøndelag fylkesting i 2019 var ho Raudt sin fyrstekandidat. Saman med to partifellar fekk ho plass i det 59-manns store fylkestinget. To år seinare kom ho inn på Stortinget frå valkrinsen Sør-Trøndelag, vald gjennom eit utjamningsmandat. På Stortinget vart ho vald til leiar av Utdannings- og forskningskomitéen.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Biografi: Nyholt, Hege Bae», Stortinget (på norsk), 2021-11-09, henta 2023-08-22
- Denne artikkelen bygger på «Hege Bae Nyholt» frå Wikipedia på bokmål, den 22. august 2023.