Hege K. Kvitsand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hege K. Kvitsand
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juni 1973 (48 år)
Trondheim
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 1996

Hege Kristine Kvitsand (fødd 14. juni 1973) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim. Linjespelaren vann sølvmedalje under Sommar-OL 1992 og Handball-VM 1997, og bronsemedalje ved VM 1993 og EM 1994.

Kvitsand fekk sitt gjennombrot då ho spelte på Sjetne IL. Sidan var ho aktiv i Byåsen IL og der etter i Bækkelaget SK. Sesongen 1994/95 vart ho kåra til årets spelar i Noreg. Etter 1997/98-sesongen i danske Gudme, gjekk ho tilbake til Byåsen og avslutta som aktiv på Trondheims topplag i 2001?

Kvitsand debuterte på det norske landslaget mot Danmark den 30. juni 1991. Ho vann sølv med Noreg under Sommar-OL 1992 i Barcelona, bronse både ved VM 1993 i Noreg og EM 1994 i Tyskland. Ho deltok også då Noreg under OL 1996 i Atlanta enda på fjerdeplass. Året etter fekk ho sølv under VM i 1997 i Austerrike/Ungarn. VM-finalen 1997 var Kvitsands 145. og siste kamp med det norske flagget på brystet, der ho skåra sitt 197. og siste landslagsmål. Kampen enda med dansk siger, nett som då ho debuterte.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]