Hege Schøyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hege Schøyen
Fødd22. mai 1957 (66 år)
FødestadOslo
Verka somskodespelar, songar, komikar, teaterskodespelar, filmskodespelar
MorEli Skolmen Ryg
EktefelleArild Andersen
BornJakob Schøyen Andersen
PrisarWenche Foss’ ærespris, Leif Justers ærespris, Leonardstatuetten, Pillarguriprisen, Solprisen, Filmkritikerprisen

Hege Schøyen (fødd 22. mai 1957) er ein norsk skodespelar, komikar og songar. Ho har særleg vore aktiv på revyscena, men har òg hatt fleire opptredenar på TV.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Schøyen er frå Oslo. Ho er dotter av møbelhandlaren Erik Schøyen (1931–2008) og fjernsyns- og filmregissøren Eli Skolmen, syster til Jon Skolmen. Ho er syster til skodespelaren Anne Ryg.

Hege Schøyen tok utdanning ved Norges musikkhøgskole med song som hovudfag. Etter utdanninga arbeidde ho som korist til ho debuterte på scena i stykket Med floss på katta i 1982 på Chat Noir. I 1984 hadde ho vorte lagd såpass merke til at ho vart portrettert i portrettserien Vær så god neste!NRK TV.[1] Ho fekk sitt store gjennombrot i 1986 med monologen Stælken Gundersen på same scene. På revyscena har ho blant anna arbeidd med Vazelina Bilopphøggers, Dizzie Tunes, Sven Nordin, Nils Vogt, Øystein Sunde, Linn Skåber og Cecilie Steinmann Neess, og på TV med Øivind Blunck og Kjersti Holmen. Ho vart landskjend som den undrande, tyggegummityggande Bitten i TV-serien Blikkbåx som gjekk på NRK på slutten av 1980-talet og byrjinga på 1990-talet. Hege Schøyen dukka her opp annakvar veke og alternerte med Øivind Blunck i rolla som Reidar. Det vart utgjeve både CD og video av denne serien. På 1990-talet var ho blant anna programleiar i ungdomsprogrammet Midt i smørøyet.

Ho har òg medverka i nokre filmar. Blant anna hadde ho hovudrolla i Suffløsen frå 1999, som ho fekk Filmkritikarprisen for.

I 2003 var ho med i TV-programmet Hege & Holmen der ho spelte saman med Kjersti Holmen, og i 2006 var ho aktuell med teaterstykket På ville veier saman med Nils Vogt og Sven Nordin. I 2011 spelte ho i Natta si umusikalske dronning saman med Jan Martin Johnsen. Stykket var ein komedie om Florence Foster Jenkins og vart sett opp på Chat Noir. I 2011 hadde ho hovudrolla i humorserien Sara & SelmaTV 2. Frå 2013 har ho hatt ei rekkje sceneopptredenar saman med Linn Skåber og Cecilie Steinmann Neess, først med Latter på Latter[2] (òg vist på NRK-TV) og frå 2018 med Tre elefanter i rommet.[3][4]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Hege Schøyen vart gift i 1991 med jazzmusikaren Arild Andersen. Dei har barna Jakob Schøyen Andersen og Line Schøyen Andersen.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 2015: Høst … Bodil Foss
  • 2007: Andre omgang … Helene
  • 2002: Olsenbanden Junior går under vann … Ursula Wasserschmidt
  • 2002: Alla älskar Alice … Tinte
  • 1999: Suffløsen … Siv
  • 1998: Thranes metode
  • 1994: Fredrikssons fabrikk - The movie … Designar
  • 1991: Selskapsgolferen … Mette Gulbrandsen
  • 1989: Showbiz - eller hvordan bli kjendis på en-to-tre!
  • 1988: Blücher … Linda Welder
  • 1986: X
  • 1985: Noe helt annet … Bernaise
  • 1983: Prima Veras saga om Olav den hellige … Budbringerske

TV og video[endre | endre wikiteksten]

  • 2016: Snøfall …Orakelet
  • 2011: Sara & Selma …Sara
  • 2005: Hos Martin …Nora
  • 2003: Hege & Holmen
  • 2000: I søsterens verden …. Mor (ungdomserie send i barneprogrammet <i id="mwrQ">Smørauget</i>)
  • 1993: Fortuna… Lina With
  • 1992: Midt i smørøyet … Programvert
  • 1992: Easy Reidar … Bitten (Videoutgjeving)
  • 1984: Melodi Grand Prix … Korist

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Vår by (1983), med Gro Hallan & Kari Gjærum
  • Finn deg et mål (1988)
  • Tippekamp på TV/Til frua (1989), med Viggo Sandvik
Deltek på
  • Oslo Venstre: Miljøplata (1980)
  • Halvdan Sivertsen: Liv laga (1981)
  • Håkon Banken: Barnatro (1981)
  • Polydor: Henning Hane og gjengen hans (1981)
  • Jimmy Webb & Rupert Holmes: Songwriters For the Stars 1 (1982)
  • Ole Paus: Noen der oppe (1982)
  • Bjøro Håland: Bjøro Håland (1982)
  • Inger Lise Rypdal: Kontakt (1982)
  • Hanne Krogh: Alene (1982)
  • David Foster, Barry Mann & Cynthia Weil: Songwriters For the Stars 2 (1982)
  • Ivar Simastuen: Den første gang jeg så deg (1982)
  • Brødrene Dal: Spektralplate (1982)
  • Cathy Ryen & Lars Børke: Vind fra vest (1982)
  • Kirkelig Kulturverksted: Dans med oss, gud (1982)
  • Mary Trana: Sangbok (1982)
  • Hanne Krogh: Nordens vakreste (1982)
  • Roger Nichols & Bruce Roberts: Songwriters For the Stars 3 (1982)
  • Ole Paus: Seks sider av Ole Paus (1982)
  • Sverre Anker Ousdal: Postmann Pat/Katten Jess (1983)
  • Bjørn Eidsvåg: Passe gal (1983)
  • Hanne Krogh: Under samme sol (1983)
  • Pål Thowsen: Sympathy (1983)
  • Se og Hør: Se og Hør – Gigant-kassett: 14 original-melodier (1983)
  • Rita Engebretsen: Rita (1983)
  • Wenche Myhre: Wenche on tour '83 (1983)
  • Henning Fries: Engle-hund (1983)
  • Torill Nordvik: Min rareste drøm (1983)
  • BBC Records/Espen & Kirsten Salberg: Cabaret de Gala – Espen &amp; Kirsten Salbergs Favourite Music Vol. 1 (1983)
  • Sverre Anker Ousdal: Postmann Pat/Katten Jess (1983)
  • Anne Marie Kvien: La meg få tenne et lys (1983)
  • Bjøro Håland: Mitt Julealbum (1983)
  • Bjørn Eidsvåg: På leit (1984)
  • Rita Engebretsen & Helge Borglund: Frem fra Glemselen kap. 14 (1984)
  • Øystein Sunde: I Husbukkens tegn (1984)
  • Grethe Kausland: Stay With Me (1984)
  • Vidar Lønn Arnesen: Countryfest i kveld (1984)
  • Hot Line: Postmann Pat – Sangene og musikken fra Barne-tv (1984)
  • Anne Marie Kvien: Gi meg et sted (1984)
  • Forente artister: Sammen for livet (1985)
  • Bjørn Eidsvåg: Bjørn's Beste (1985)
  • Bente Lind: Bente (1985)
  • Øystein Sunde: Øystein Sunde i boks (1985)
  • Daniel: Lovin' That Rock'n'Roll (1985)
  • Øystein Sunde: Overbuljongterningpakkmesterassistent (1986)
  • Vazelina Bilopphøggers: Musikk tel arbe' (1986)
  • Posten: Postens sommerkassett (1986)
  • 3 Busserulls: Det glade vanvidd (1986)
  • Vaktmesteren: Vaktmesteren (1988)
  • Viggo Sandvik: Fisking i Valdres/Halvfull på øl (1988)
  • Totenschlager: Bitten-kassetten (1988)
  • Mariann Records: Norske blinkskudd (1988)
  • Viggo Sandvik: Fisking i Valdres (1988)
  • Freddy Kristoffersen: Kom, ta min hånd (1989)
  • Øystein Sunde: Kjekt å ha (1989)
  • Totenschlager: Viggo og frua (1989)
  • Ole Paus: Stjerner i rennesteinen (1989)
  • Gundersens Blandede Pikekor: Bryllupsfest (1989)
  • Øystein Sunde: Øystein Sundes 40 beste (1990)
  • KLM: KLM synger Brødrene Dal (1991)
  • Revolution Records: Lakki + Wam &amp; Vennerøds Greatest Hits (1992)
  • NorDisc: Norske filmklassikere (1993)
  • Ole Paus: Jeg kaller det vakker musikk: Hjemmevant utenfor – Ca. 40 Beste (1994)
  • Hanne Krogh: 40 beste (1994)
  • Grappa: Reisen til julestjernen (1994)
  • Vazelina Bilopphøggers: Gammel Oppland (1994)
  • Lars Børke: 1975–1995: Fra femti kroner &amp; en gullring til kjærlighetsnatta' (1995)
  • Lars Mjøen: Retrospektløst (1995)
  • Kirkelig Kulturverksted: Til en kvinne (1997)
  • NRK Lydbokforlaget: Reisen til julestjernen (Hørespill fra Lørdagsbarnetimen) (1998)
  • 3 Busserulls: Kan du huska 3 Busserulls, 47 beste (2000)
  • Se og Hør: Vi skal more mye! (2000)
  • Brødrene Dal: De Beste (2002)
  • Ivar Simastuen: 40 beste (2002)
  • Lewis Carroll: Alice i eventyrland (Hørespill fra Lørdagsbarnetimen) (2002)
  • NRK Lydbokforlaget: Mummipappa på eventyr (Hørespill fra Lørdagsbarnetimen) (2004)
  • Vazelina Bilopphøggers: Bedre hell' all medisin! (2005)
  • Unidisc: Norsk musikk i 100 – Vol. 10: Hver sin smak (2005)
  • Øystein Sunde: Sundes verden (2006)
  • Øystein Sunde: Sundes verden – 52 av de aller beste (2006)
  • Lystad &amp; Mjøen: Komplett galskap (2007)
  • Trondheim Jazzorkester & Skrap: Antropocen (2017)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vær så god neste! Hege Schøyen» (på norsk bokmål). Henta 27. september 2020. 
  2. «Latterlige damer» (på norsk bokmål). 2013. Henta 27. september 2020. 
  3. «Latter på Latter» (på norsk bokmål). Henta 27. september 2020. 
  4. «Showanmeldelse «Tre elefanter i rommet»: Østrogenbombe» (på norsk bokmål). 2018. Henta 27. september 2020.