Hegga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skithegga ved Hallenskog

Hegga eller Skithegga er ei lita elv som har utløpet sitt i Grodalselva få meter etter at ho renn ut frå Gjellumvannet og ovanfor Kistefossdammen i Heggedal. Hegga startar i Kjekstadmarka ved Heggsjøen og renn forbi Åsåker og gjennom Røyken sentrum. Så renn elva vidare forbi Hallenskog før ho kjem til Heggedal.

Elva har tilsig frå ein del småbekkar langs ruta si som Hengefoss ved Hallenskog. Hegga har normalt liten vassføring, men om våren etter snøsmeltinga eller etter kraftig nedbør flyt ho over breiddene sine fleire stader, spesielt mellom Hallenskog og Heggedal der fleire jorde vert ståande under vatn.

Namnet stammar kanskje frå trenamnet Heggr.