Hegra
Utsjånad
| Hegra | |||
| tettstad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Trøndelag | ||
| Kommune | Stjørdal | ||
| Areal | 0,66 km² | ||
| Folketal | 971 (2024) | ||
| Folketettleik | 1 471 / km² | ||
| Postnummer | 7520 HEGRA | ||
| Preposisjon | i Hegra | ||
![]() Hegra 63°27′50″N 11°06′51″E / 63.463888888889°N 11.114166666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Hegra | |||
Hegra er ei bygd og ein tettstad i Stjørdal kommune i Trøndelag fylke. Tettstaden har 971 innbyggjarar per 1. januar 2024, ligg i Stjørdalen, ved Stjørdalselva, og Meråkerbanen går gjennom bygda.
I Hegra ligg Hegra festning, den siste staden i Sør-Noreg som vart oppgjeven av norske styrkar under den tyske invasjonen av Noreg våren 1940.
Austom Hegra kyrkje ligg eit av dei største samanhengande hellerissingsfelta i Nord-Europa, Leirfallfeltet.
Kjente personar frå Hegra
[endre | endre wikiteksten]- Andreas Fleischer (1878–1957), misjonær, forfattar og biskop
- Jon Leirfall (1899–1998), gardbrukar, forfattar og stortingsrepresentant
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
