Heia Tufte!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heia Tufte!
Typefjernsynsserie
OpphavslandNoreg

Heia Tufte! er ein røyndomsserieTVNorge om fotballlaget Tufte IL.

TV-programmet vart raskt populært da det starta og er mellom dei mest sette i Noreg hausten 2005. Noko av populariteten kan koma av at folk kan le når dei kjenner seg att i det å ikkje meistre situasjonar, samtidig som den gode lagånda i Tufte viser at ein likevel kan ha det bra saman.

Laget[endre | endre wikiteksten]

Laget er sett saman i høve serien. Det består av personar som knapt har rørt ein ball tidlegare, og som var mellom dei som vart vald sist i gymtimane. Blant dei mest kjende spelarane har vorte psykologistudenten og rollespelaren Martin og autografsamlaren Lars Olav.

Hovudtrenar for laget er Erik Thorstvedt, tidlegare målvakt for det norske landslaget. I nokre episodar dukkar det òg opp andre trenarar, til dømes Henning Berg.

Tufte IL i andre samanhengar[endre | endre wikiteksten]

Første gongen Tufte IL vart kjent, var i ein av lottoreklamane til Norsk Tipping. Der såg vi at laget tapte kampane sine med store tal, men etter at ein av spelarane vart lottomillionær, kjøpte dei inn den danske målvakta Peter Schmeichel for å halde nullen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]