Heidalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Heidal i Sel)
Hopp til navigering Hopp til søk
Heidalen

Heidalen er ein sidedal til Gudbrandsdalen. Den 30 kilometer lange dalen strekker seg nordvestover frå tettstaden Sjoa i retning Otta. Dalen og nærområda omkring utgjorde tidlegare Heidal kommune, som vart slått saman med Sel kommune i 1965. Gjennom dalen renn elva Sjoa som har utløpet sitt frå Gjende.

Heidalen har den største tettleiken av verneverdige bygg i Noreg. Rundt 60 prosent av de 1300 husa er frå før 1900. Av desse er 90 hus freda. Ni av gardane er totalfreda. Nokre av dei meir kjente gardane er Heringstad, Kruke, Bjølstad Gård, Lusæter og Slette, som har sin egen bunad.

Heidal har omkring 1600 innbyggjarar. Hovudnæringa er jord- og skogbruk. Anna tradisjonell næring er tømring, snekring, treskjering, restaurering av gamle hus og bruksgjenstandar, rosemåling og veving. Heidal har tre hyttefabrikker. Nyare næringsverksemd er mellom anna knytt til rafting i elva Sjoa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]