Heidal kyrkje
Utsjånad
| Heidal kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Innlandet | ||
| Kommune | Sel | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Hamar | ||
| Prosti | Nord-Gudbrandsdal | ||
| Sokn | Heidal | ||
| Fellesråd | Sel | ||
| Arkitekt | Bredo Berntsen | ||
| Teknikk | lafteverk | ||
| Material | tre | ||
| Innvigd | 8. juni 1941 | ||
| Klokker | Olsen Nauen | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Preikestol | Med akantus | ||
| Døypefont | Kleberstein | ||
| Altartavle | Med akantus | ||
| Orgel | Robert Gustavsson, 1991 | ||
| Sitjeplassar | 292 | ||
![]() Heidal kyrkje 61°44′50″N 9°19′53″E / 61.74725278°N 9.33146944°E | |||
| Wikimedia Commons: Heidal kirke | |||

Heidal kyrkje er ei lafta krosskyrkje i Heidal i Sel kommune i Innlandet. Dette er den fjerde kyrkja i Heidalen. På kyrkjegarden står dessutan Bjølstadkapellet eller Bjølstadkyrkja, som var kyrkje nummer to (kor og sakristi rekonstruert) og vart gjenreist her i 1964. Kapellet har portalvangar med dyreskurd som er noko av det eldste bevarte i landet.
Heidal kyrkje er utforma for å likne mest mogleg på den førre kyrkja, som var frå 1754 og brann i 1933. Denne kyrkja hadde inventar som var skore av Jakob Klukstad.
Kyrkjegarden har mange gamle gravminne av kleberstein.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nesse, Olav (1991). Kyrkjer i Heidal. Heidal sokneråd.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 605. ISBN 82-7527-022-7.
- «Heidal kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Heidal historielag om Bjølstadkyrkja
- Sel kirkelige fellesråd Arkivert 2013-12-03 ved Wayback Machine.
- Heidal kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
