Hopp til innhald

Heide Simonis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heide Simonis

Fødd4. juli 1943
Bonn
Død12. juli 2023 (80 år)
Statsborgar avTyskland
PartiSozialdemokratische Partei Deutschlands
Yrkeskribent, politikar, forfattar, lyrikar
Utdanna vedChristian-Albrechts-Universität zu Kiel
EktefelleUdo E. Simonis
Alle verv
  • medlem av Forbundsdagen (19761980)
  • Medlem av Schleswig-Holsteins landdag (19922005)
  • Schleswig-Holsteins ministerpresident (19932005)
  • medlem av Forbundsdagen (19871988)
  • medlem av Forbundsdagen (19831987)
  • medlem av Forbundsdagen (19801983) Sjå dette på Wikidata

Heide Simonis (4. juli 194312. juli 2023), opphavleg Heide Steinhardt, var ein tysk samfunnsøkonom, forfattar og politikar for SPD. Ho var den første kvinnelege ministerpresidenten i Schleswig-Holstein, og i heile Tyskland.[1]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Simonis vart fødd i Bonn. Ho studerte økonomi og sosiologi i Erlangen, Nürnberg og Kiel, og arbeidde deretter som lektor i tysk ved Lusaka-universitetet i Zambia i Afrika. Deretter var ho verksam ved instituttet for finans i Kiel. Ho var deretter knytt til Goethe-Institut.

Frå 1969 var ho medlem av SPD, og frå 1972-76 var ho medlem av kretsstyret i SPD-laget i Kiel. I 1971 blei ho rådsherre i rådsforsamlinga i Kiel, og 1976 blei ho vald inn i Forbundsdagen, der ho sat fram til 1988.

Etter regjeringsskiftet i Schleswig-Holstein blei ho 31. mai 1988 finansminister i Björn Engholm si delstatsregjering. Ho blei visestatsminister 10. mars 1993, og overtok som regjeringssjef 19. mai same året som første kvinne i historia.

  1. «Suche». Henta 1. mars 2019.