Heidi Benserud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heidi Benserud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. desember 1958 (65 år)
Idrett friidrett

Heidi Elisabeth Benserud (fødd 20. desember 1958) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Horten. Tida 1976-84 vart ho noregsmeister seks gongar i mangekamp, to gongar i lengdehopp og like mange gongar i 100 meter hekk, samt norsk meister på 200 meter i 1983. Benserud var medlem i Horten IF til 1977, sidan av Fana Idrettslag. Ho er gift med Jan Fjærestad.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Benserud sikra seg 18 medaljar (6-9-3) i hovudmeisterskapen i friidrett. Elles henta ho 9 medaljar i NM i høgde og lengde utan tilløp, dessutan 8 medaljar (6-2-0) i mangekamp. Ho vart norsk meister i lengdehopp i 1976 og 1978, i alt vann ho 7 NM-medaljar i øvinga. Flest medaljar tok ho på 100 meter hekk, etter seks sølvmedaljar på sju år vart ho noregsmeister i øvinga både i 1983 og 1984. Åra 1976, 1978, 1979 vann ho NM-gull i femkamp, medan ho i 1981, 1982 og 1984 sigra i erstattaren sjukamp.

Benserud sine personbeste var 13,43 sekund på 100 meter hekk, 24,23 sekund på 200 meter, 6,32 meter i lengdehopp. Alle desse rekordane er frå 1983. I sjukamp nådde ho i 1984 opp i 5 414 poeng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]