Heidi Grande Røys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heidi Grande Røys
none  Heidi Grande RøysFoto: John Erling Blad
Heidi Grande Røys
Foto: John Erling Blad
Fødd 6. mai 1967

Kalvåg

Heidi Grande Røys (fødd 6. mai 1967 i Kalvåg i Bremanger kommune) er ein norsk politikar for SV. Røys har bakgrunn som barnehagestyrar og lokalpolitikar i Flora kommune.

Ho er utdanna førskulelærar frå Lærerhøgskolen i Bergen (1986-89). I åra 1989–1996 var ho avdelingsleiar og styrar ved Havreneset barnehage i Florø. Røys har representert SV i formannskapet og bystyret i Flora.

Røys var politisk rådgivar i SV si stortingsgruppe i 1999 og 2000, og i 2001 vart ho vald inn som stortingsrepresentant for SV frå Sogn og Fjordane. På Stortinget vart ho medlem av Finanskomitéen og Fullmaktskomitéen. I 2005 mista ho mandatet ved stortingsvalet.

17. oktober 2005 vart Heidi Grande Røys utnemnd til statsråd i regjeringa Stoltenberg II som leiar for det nye Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Etter valet i 2009 vart ho erstatta av Rigmor Aasrud som statsråd. Ho vart heller ikkje attvald til Stortinget, og gjekk tilbake til jobben som barnehagestyrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]