Heidi Petersen
Heidi Petersen | |||
Fødd | 30. august 1959 (65 år) Kvívík | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Tjóðveldisflokkurin | ||
Yrke | politikar, lærar, forretningsdrivande | ||
Alle verv |
Heidi Petersen (fødd 30. august 1959)[1] er ei færøysk forretningskvinne, tidlegare lærar og politikar som representerte partiet Tjóðveldi på Lagtinget og i kommunalpolitikk.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Petersen er fødd i Kvívík og er utdanna lærer. Ho er gift med forretningsmannen Tummas Christophersen frå Vestmanna.[2][3] Ektefellen var med på å kjøpe reisebyrået Flogfelag Føroya (no 62°N) i 2007. I 2014 blei han eineeigar, mens Petersen blei dagleg leiar.[4]
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Petersen var vald inn i kommunestyret i Vestmanna for Kvinnulistin i perioden 1989–1992, og sat i same periode i styret i Føroya Kommunufelag. Ho var vald inn på Lagtinget frå Norðurstreymoy i perioden 2004–2008, vald for Tjóðveldi, og møtte fast for fiskeriminister Tórbjørn Jacobsen i eit halvår i 2008. Ho sat i Lagtingets næringskomité og Lagtingets kulturkomité. Ho leia veljarforeininga til Tjóðveldisflokkurin på Norðurstreymoy i perioden 2001–2004 og partiet sitt landsstyre 2002–2004.[2][3][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Rithøvundar. Heidi Petersen (1959-)» (på færøysk). snar.fo. Arkivert frå originalen 2. oktober 2015.
- ↑ 2,0 2,1 «Heidi Petersen» (på færøysk). Løgtingið. Arkivert frå originalen 1. juli 2013.
- ↑ 3,0 3,1 Hoydal, Høgni (8. september 2009). «Kvívíkskonubrot í Vestmanna fimmti» (på færøysk). Tjóðveldi. Arkivert frå originalen 16. januar 2016.
- ↑ Gardar, Jógvan Hugo (8. august 2014). «Tummas hevur keypt Kent úr 62°N» (på færøysk). portal.fo. Arkivert frå originalen 16. januar 2016.
- ↑ Petersen, Katrin. «– Ein háttur, sum hóvar kvinnum». Dimmalætting (på færøysk). Demokratia. Arkivert frå originalen 16. januar 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Heidi Petersen» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2024.