Heidi Tjugum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heidi Tjugum
Fødd 5. september 1973 (49 år)
Drammen
Yrke handballspelar

Heidi Marie Tjugum (fødd 5. september 1973) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Skoger som vart europameister 1998 og verdsmeister 1999 med Noreg. Ho vann elles OL-sølv 1992 og OL-bronse 2000, to EM-sølv og eitt VM-sølv i tida 1992-2002. Tjugum, som var målvakt, er som klubbspelar best kjend for sine år i Bækkelaget SK og danske Viborg HK.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Tjugum debuterte på det norske landslaget mot Sør-Korea 18. februar 1992 i Bodø. Hausten det året var ho med som tredjemålvakt då Noreg tok sølv etter finaletap mot nettopp Sør-Korea under Sommar-OL i Barcelona. Ho fekk ikkje plass i VM-troppa 1993, ei heller EM-troppa 1994. Frå 1996 byrja ho å spele ei viktigare rolle på landslaget, og under EM 1996 i Danmark vart ho kåra til beste målvakt i ein meisterskap som endå med finaletap mot vertslandet. Då Noreg tok sin fyrste internasjonale triumf ved Handball-EM 1998 storspelte Tjugum i finalen mot Danmark, ein kamp som enda med 24-16. Året etter gjorde ho solid innsats då Noreg vann VM på heimebane, men det var Cecilie Leganger som vakta målet i finalen mot Frankrike. Tjugum vart kåra til beste målvakt under Sommar-OL 2000, ei turnering der Noreg vann bronse. Ho var korkje med i EM 2000 eller VM 2001, men var fyrstemålvakt då Noreg i 2002 på ny tapte ein EM-finale i Danmark mot vertslandet. Tjugum spelte sin 175. og siste landskamp i 2003.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Tjugum spelte på Glassverket IF til 1991. Ho melde då overgang til Bækkelaget SK, eit lag ho spelte på til 1997. Etter indre strid i oslolaget, reiste ho til Viborg HK i Danmark, der ho vart verande i seks sesongar. Frå 2003 til -05 spelte Tjugum på Nordstrand IF i Oslo, deretter trente ho Gjøvik/Vardal ei tid, frå 2007 til 2010 var ho målvakt i Storhamar IL.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea
  • VM 1995: Nr 4 etter 24–25 mot Danmark
  • OL 1996: Nr 4 etter 18–20 mot Ungarn
  • EM 1996: Sølvmedalje etter 23–25 mot Danmark
  • VM 1997: Sølvmedalje etter 20–33 mot Danmark
  • EM 1998: Gullmedalje etter 24–16 mot Danmark
  • VM 1999: Gullmedalje etter 25–24 mot Frankrike
  • OL 2000: Bronsemedalje etter 22–21 mot Sør-Korea
  • EM 2002: Sølvmedalje etter 22–25 mot Danmark
  • VM 2003: Nr 6 med Noreg
  • Vinnar av EHF-pokalen: 1999 for Viborg
  • Norsk seriemeister: 1992 og 1995 for Bækkelaget (2)
  • Dansk seriemeister: 1999-2002 for Viborg (4)
  • Norsk cupmeister: 1991 for Bækkelaget
  • Finalist i meisterligaen: 2001 med Viborg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]