Heike Drechsler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heike Drechsler
Heike-Drechsler-01.JPG
Fødd 16. desember 1964
Gera
Yrke politikar, friidrettsutøvar, sprinter
Heike Drechsler på Commons

Heike Gabriela Drechsler (fødd Heike Daute16. desember 1964) i Gera i Thüringen i det dåverande Aust-Tyskland er ein tidlegare friidrettsutøvar som tevla i lengdehopp og sprint. Drechsler representerte Aust-Tyskland fyrst i karrieren sin, deretter Tyskland etter at muren fall. Hennar personlege rekord i lengdehopp er på 7,48 meter. (Neubrandenburg, 1988) Dette er gjeldande tysk rekord og 4 cm kortare enn verdsrekorden til Galina Tsjistjakova.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Heike Daute vart verdsmeister i lengdehopp fyrste gongen i 1983 i Helsingfors, 18 år gamal. Vinnarhoppet hennar vart målt til 7,27 m. I VM i friidrett 1987 tok Heike Drechsler sølv på 100 meter sprint; gullvinnaren vart her Silke Gladisch, også frå DDR. Drechsler tok også bronse i lengdehopp. Frå 1986 til 1998 vart Drechsler europameister i lengdehopp kvar einaste gong EM i friidrett vart arrangert. I tillegg tok ho to EM-medaljar i 200 meter sprint i denne perioden: gull i Stuttgart i 1986 og sølv i Split under EM i friidrett 1990. I Split blei ho slått av landsmannen Katrin Krabbe.

Heike Drechsler debuterte i OL under sommar-OL 1988 i Seoul. Her tok ho bronsemedalje i både 100 meter og 200 meter sprint, (begge finalane vunne av verdsrekordhaldaren Florence Griffith-Joyner), og sølv på lengdehopp. Det vart lengdehopparen Jackie Joyner-Kersee frå USA som vann med å setja ny olympisk rekord på 7,40 m.

Frå og med VM i friidrett 1991 i Tokyo tevla Drechsler for det sameinte Tyskland. Ho tok igjen sølv i lengdehopp bak Jackie Joyner-Kersee. Ho var også med på å ta bronsemedalje i 4 x 100 meter stafett for Tyskland, bak Sovjetunionen og Jamaica. Neste år deltok Drechsler i sommar-OL 1992 i Barcelona, der ho for fyrste gong vart olympisk meister i lengdehopp. Ho hoppa 7,14 og kom framom Inessa Kravets og Jackie Joyner-Kersee. Året etter vart ho verdsmeister under VM i friidrett med eit hopp på 7,11.

Drechsler deltok også under sommar-OL 1996 i Atlanta, men greidde ingen medaljar her. OL-karrieren hennar vart avslutta med sommar-OL 2000 i Sydney, der ho for andre gong vart olympisk meister i lengdehopp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]