Heike Kamerlingh Onnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
H. Kamerlingh Onnes
Kamerlingh portret.jpg
Fødd 21. september 1853
Groningen i Nederland
Død 21. februar 1926 (72 år)
Leiden i Nederland
Nasjonalitet Nederlandsk
Yrke fysikar, oppfinnar, universitetslærar
Alma mater Unicersitetet i Heidelberg
Universitetet i Groningen
Doktorgradsrettleiar Rudolf Adriaan Mees
Kjend for Onneseffekten i Superkonduktivitet
Medlem Royal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

Heike Kamerlingh Onnes (21. september 185321. februar 1926) var ein nederlandsk fysikar og er kjent for undersøkingane sine av eigenskapane til gassar, metall og metall-legeringar ved låge temperaturar.

Han var professor i Leiden. Han var den første som framstelte flytande hydrogen (1906). I 1908 lukkast det han å kondensere helium ved ein temperatur på 4 K, og ved å la flytande helium fordampe nådde han ned i ein temperatur på 1 K. Kamerlingh oppdaga superleiing i 1911.

Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1913 for forskinga si på ekstremt låge temperaturar (nær det absolutte nullpunktet), ei forsking som mellom anna førte til produksjonen av flytande helium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Heike Kamerlingh Onnes