Heike Schalling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heike Schalling

Heike Warnicke.JPG

Statsborgarskap Den tyske demokratiske republikken, Tyskland
Fødd 1. juni 1966
Weimar
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 5000 meter damer

Heike Schalling, skild Warnicke og gift Sinaki, (fødd 1. juni 1966) er ein tysk tidlegare skeiseløpar frå Weimar som representerte Aust-Tyskland til 1990 og sidan det samla Tyskland. Ho sanka i åra 1990-93 fem andreplassar og tre tredjeplassar i ulike verdsmeisterskap i firkamp, europameisterskap og under Vinter-OL 1992.

Schalling fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i 1984 og var aktiv til 1998. Ho fekk sin fyrste pallplass då ho i 1990 kom på tredjeplass i europameisterskapen i Heerenveen. Året etter vart ho nummer to både i EM i Sarajevo og i VM på Hamar stadion. OL-sesongen 1992 sikra ho seg ho tredjeplassen ved EM i Heerenveen. Under dei olympiske vinterleikane i Albertville vann ho sølvmedaljane på 3 000 m og 5 000 m. I alle desse førnemnde tevlingane vart ho "parkert" av si landskvinne Gunda Kleemann, den suverene verdseinaren gjennom det meste av 1990-åra. Slik var det også under Skeise-VM 1993 i Berlin, der Schalling vart nummer tre. Derimot fann ho si overkvinne i Emese Hunyady frå Austerrike då ho enda på sølvplassen ved EM 1993 i Hereenveen. Schalling deltok i Vinter-OL 1994Lillehammer, utan ho makta å markere seg på resultatlistene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]