Heilage Gallus
Utsjånad
Heilage Gallus | |||
![]() | |||
Fødd | 550 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Irland | ||
Daud | 16. oktober 645 | ||
Dødsstad | Arbon | ||
Yrke | misjonær, skribent, komponist | ||
Helgendag | 16. oktober, 16. oktober |
Heilage Gallus, ca. 550-ca. 645, var ein helgen som tok del i utbreiinga av keltisk kristendom på kontinentet. Ifølgje den hagiografiske tradisjonen var han ein av dei tolv følgjesvenene til Columbanus frå Irland. Etter at Gallus og nokre få følgjesveinar oppretta ein eremittbustad i Steinachdalen i dagens Sveits kring 612, oppstod klosteret og den seinare byen St. Gallen.[1]
Han blir etter tradisjonen rekna som irsk, men kan også ha kome frå grenseområdet mellom Lorraine og Alamannia, og møtt Columbanus ved klosteret Luxeuil i Vosges.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Übersetzer, Tremp, Ernst 1948- Mitwirkender Huber, Johannes Mitwirkender Schmuki, Karl 1952- Mitwirkender Horlent, Jenifer (13 January 2024). The Abbey Library of Saint Gall the history, the baroque hall and the collections of the Abbey Library. Verlag am Klosterhof. s. 9–10. ISBN 978-3-906616-82-7. OCLC 214366157.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Gallus (helgon)» frå Wikipedia på svensk, den 9. februar 2025.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Svensk uppslagsbok, Malmö 1932
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Delar av denne artikkelen bygger på «Saint Gall» frå Wikipedia på engelsk, den 11. februar 2025.