Heilage Tekla
| Heilage Tekla | |||
| | |||
| Fødd | 1. hundreåret | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Konya | ||
| Daud | 1. hundreåret | ||
| Dødsstad | fleire ifølgje ulike tradisjonar | ||
| Yrke | teolog | ||
| Helgendag | 24. september | ||
| Vernehelgen | for døyande; for Tekla-brorskapane; mot augelidingar, pest og brannfare;[1] for Tarragona og Sitges | ||
Heilage Tekla (gammalgresk Θέκλα, Thékla) var ein helgen i den tidlege kristne kyrkja, og skal ha vore ein følgjar av apostelen Paulus. Den eldste skildringa av livet hennar kjem frå den apokryfe teksten Paulus og Tekla sine gjerningar.
Kyrkjetradisjon
[endre | endre wikiteksten]Paulus og Tekla sine gjerningar er ein tekst frå 100-talet (ca. år 180) som er ein del av Paulus sine gjerningar, men som òg var i omgang som eigen tekst. Ifølgje denne teksten var Tekla ei ung adelskvinne frå Ikonium (no Konya i Tyrkia) som valde å forlate han ho var trulova med slik at ho kunne omvenda seg til kristendommen og følgja Paulus.[2]
Teksten fortel at Tekla sat ved vindauget sitt i tre dagar og høyrde på Paulus som tala om den kristne Guden og kor viktig det var å leva eit kyskt liv. Mor til Tekla, Teoklia, og trulovingen hennar, Thamyris, blei uroa for at Tekla ville følgja læra til Paulus. Dei gjekk til dei lokale styresmaktene for å få dei til å straffa Paulus fordi han var kristen og «gjorde at jomfruer skydde ekteskap avskyelege.» Paulus blei sendt i fengsel, der Tekla vitja han, kyssa banda hans og nekta å forlata han og venda tilbake til mor si og trulovingen sin. Paulus blei nøydd til å forlata byen, og Tekla blei dømd til å bli brunnen.[3]
Ved eit mirakel blei Tekla redda frå å bli brend ved at det kom ein storm. Ho møtte så Paulus utanfor Ikonium, der ho sa til han: «Eg skal klippa håret mitt og følgja deg kvar du går.»[4] Ho reiste så saman med Paulus til Antiokia i Pisidia. Der fekk ein adelsmann som heitte Alexander lyst på Tekla og prøvde å valdta henne. Tekla slost imot han, reiv sund kappa hans og slo diademet hans av hovudet hans. Dette førte til at ho blei stilt for retten for overfall. Ho blei dømd til å etast av ville dyr, men blei frelsa igjen av ei rekkje mirakel. I eit av dei var det hodyr, særleg løver, som verna henne mot hanndyr som ville angripa. På arenaen døypte ho seg sjølv ved å kasta seg i eit vatn like ved. Dette var fullt av aggressive selar, men alle blei drepne av lyn før dei kunne eta henne.[5][6]
Thecla møtte Paulus att i Myra, der ho hadde på seg ei kappe som ho hadde endra slik at det såg ut som mannsklede.[7] Under reisene sine forkynte ho Guds ord og oppfordra kvinner til å etterlikna henne ved å leva kyske liv.[8] Nokre versjonar av Gjerningane fortel at Thekla budde i ei grotte i Seleucia Cilicia i 72 år, der ho heldt fram med å spreia kristendomen.
Det blir òg sagt at Tekla var resten av livet sitt i Maaloula, ein landsby i Syria. Der lækja ho folk og utførte mange mirakel, men blei stadig forfølgd. Ved eit høve, då forfølgjarane hennar var på vei til ho, ropa ho til Gud. Ein ny passasje opna seg i grotta ho var i, og steinane stengde seg bak henne. Før ho døydde klarte ho å dra til Roma og leggja seg ned ved sida av gravstaden til Paulus.[9]
Dyrking
[endre | endre wikiteksten]
I ortodoks kristendom er den vide utbreiinga av Paulus og Tekla sine gjerningar eit teikn på dyrkinga hennar. Ho blei kalla ein «apostel og protomartyr blant kvinner»[10] og «likeverdig med apostlane i heilagdom». Ho blei sett på som ein asketisk modell for kvinner. På 300- og 400-talet blei Tekla lovprisa i litteraturen som ei førebiletleg jomfru og martyr av asketiske skribentar og teologar som Metodius av Olympus, Gregorius av Nyssa og Gregorius av Nazianzus. I den ortodokse kyrkja har ho minnedag den 24. september i kyrkjene som nyttar den reviderte julianske kalenderen og den 7. oktober for dei som bruker den gamle julianske kalenderen.
Tekla blei særleg dyrka i Seleucia Cilicia (der ho blei sagt å ha budd til ho blei gammal og vera gravlagd), Ikonium (i dag Konja) og Nikomedeia. I Chamalières i Frankrike meinte ein å ha relikviar av henne. Dei mindre kjende helgenane Tekla av Aquileia og Tekla av Trieste har henne som modell.[11][12] I martyrologien til Beda blir Tekla feira den 23. september, som var minnedagen hennar i Vesten,[13] men i 1969 tok den romersk-katolske kyrkja Tekla ut av helgenkalenderen fordi det mangla historiske bevis på henne.[14] Ortodokse kyrkjelydar som følgde vestlege ritar held fram med å feira henne den 23. september (ny kalenderkyrkjene) og 6. oktober (gammal kalenderkyrkjene). Paulinarordenen feirar minnedagen hennar den 24. september.[15]
Tekla-rørsla
[endre | endre wikiteksten]Heilage Tekla har vore følgd av ei rekkje kvinner i Vesle-Asia og Egypt. Ho blei lovprisa som ein slags vernar av kvinnerettar — i Paulus og Tekla sine gjerningar preika Tekla for menn, og døypte sjølv, begge handlingar som ein normalt berre rekna for å kunne gjerast av menn.[16]
Tekla-soga gav opphav til ein kultur der desse kvinnene kunne imitera henne. Mange av dei levde som jomfruer i hushald, i graver (slik Tekla skulle ha gjort), og nokre gonger i kloster. Desse kvinnene reiste av og til rundt som grupper av styrka jomfruer som fortalde soger om Tekla og nåden hennar. Andre kvinner i Tekla-rørsla kalla opp døtrene sine etter henne, og fekk andletet hennar gravert på gravene og oljelampane sine. Dei fann styrke Tekla, som gjorde ting få andre kvinner ville ha våga, og bygde eit sterkt samhald der dei gav kvarandre styrke.[17]
Vernehelgen og oppkalling
[endre | endre wikiteksten]
Tekla er rekna som vernehelgen for Tarragona og Sitges i Catalonia. Domkyrkja i Tarragona har eit kapell vigd henne, og minnedagen hennar er den viktigaste festivalen i byen.[18] I Galicia i Spania har åsen Santa Tecla ved A Guarda namn etter henne.
Den eldste kyrkjebygningen under domkyrkja i Milano, Basilica di Santa Tecla, var vigd til henne. Delar av denne bygningen finst framleis under den noverande domkyrkja. Domkyrkja i Este i Veneto er vigd Tekla. Libanon har 42 kyrkjer vigde til heilage Takla eller Taqla. Ei av deo eldste er St. Taqla-kyrkja i Masqa i Matn distrikt frå 1695. Kyrkja har eit måleri av Tekla frå 1870 av den italienske kunstnaren Vincento Lampodico.
I Syria finst det ei gresk-ortodoks kyrkje vigd Tekla i Darayya. I 1849 blei det funne ei hole i Latakia som seinare blei ein heilagdom for Tekla.
I Wales i Storbritannia er det ei kyrkje vigd til Saint Tecla i landsbyen Llandegla, med eit ikon av helgenen nær altaret.
I USA har tre katolske sokn namn etter Saint Thecla: i Clinton i Michigan; i Pembroke i Massachusetts og i Chicago i Illinois.
Fleire byar har namn etter henne:
- Santa Tecla, tidlegare Nuevo San Salvador i La Libertad i El Salvador
- Sainte-Thècle i Quebec i Canada
- Grenda Sainte-Thècle i kommunen Peillon i Alpes-Maritimes i Frankrike
- Santa Tecla, eit kvarter (frazione) i Acireale i Italia
- Santa Tecla de Basto, eit kvarter (freguesia) i Celorico de Basto i Portugal
- Bydelen Leipzig Thekla i Leipzig i Germany
- Klosteret Deir Taqla i Sør-Libanon
Heilage Tekla er humoristisk blitt kalla vernehelgen for datateknologi på grunn av likskapen mellom ordet tecla, som tyder ‘tast’ på spansk og katalansk, og namnet hennar. Det er sett opp nettstader vigd henne,[19][20] men denne tileigninga er ikkje anerkjend av noka kyrkje.
Stader vigde til Tekla
[endre | endre wikiteksten]Grava til Tekla i Silifke
[endre | endre wikiteksten]
Grottegrava in Silifke (Seleucia) har hatt ei viktig rolle i den kristne verda. Gregor av Nazianz trekte seg tilbake til heilagdommen til «den lovprisa unge møya Tekla»[21] i tre år. Staden blei skildra av pilegrimen Egeria på midten av 380-talet. Han er blitt restaurert fleire gonger, mellom anna av keisar Zenon på 400-talet. I dag er ruinane kjende som Aya Tekla-kyrkja eller Meriamlik.[22] Eit anonymt verk frå 400-talet, Livet og underverka til Tekla, har fokus på byen.[23]
Grava til Tekla i Maaloula
[endre | endre wikiteksten]
I Maaloula i Syria blei eit gresk-ortodoks kloster vigd til Tekla bygd over holegrava hennar. Ein kan nå heilagdommen med ei heilag kjelde via trapper i fjellsida. Ifølgje tradisjonen opna fjellet seg ved eit under for å verna Tekla frå forfølgjarane hennar.
Måndag 2. desember 2013, under den syriske borgarkrigen blei tolv nonner tekne av radikale Al-Qaeda-følgjarar frå Al-Nusra Front under bombardering av heilagdommen.[24] Tre månader seinare blei nonnene utveksla mot slektningar av terroristane. I april 2014 blei byen teke tilbake av syriske regjeringsstyrkar. 30. mai 2018 kunngjorde presten for kyrkja, Ilias Ades, at klosteret skulle restaurerast fullstendig av den gresk-ortodokse kyrkja i Antiokia med hjelp frå den russisk-ortodokse kyrkja.[25] Klosteret er ein populær stad å vitja for ortodokse kristne frå heile verda, inkludert Russland.[26]
Tekla-klosteret i Larnaka
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje tradisjonen skipa den romerske keisarinna Helena klosteret vigd til Tekla som ligg i Mosfiloti nær Larnaka. Etter at Mamelukk-sultanatet hadde teke kontroll over Det armenske kongedømmet Kilikia blei ein del av dei heilage eigedelane frå klosteret tekne til Kypros av kristne. Desse er ved klosteret no.[27]
Menaskyrkja på Kypros
[endre | endre wikiteksten]Ei innskrift til minne om «martyren Tekla» i Menaskyrkja på Kypros, som ein har datert til andre halvdel av det fyrste hundreåret, blei tidleg på 1900-talet tolka som prov på at Tekla faktisk hadde eksistert.[28] Dette var ein pilegrimsstad for mange kvinner, som kunne kjøpa ei flaske dei kunne fylla med heilag vatn, olje eller til og med jord frå staden. Flaskene hadde bilde av heilage Menas på eine sida og Tekla på den andre.[29]
Tekla-katakomben i Roma
[endre | endre wikiteksten]Tekla-katakomben er ein kristen katakombe i Rome, nær Via Ostiense og Paulusbasilikaen utanfor murane, i den sørlege delen av gamlebyen. Katakomben blei bygd på 300-talet som gjenbruk av ein heidensk nekropolis.[30] Det verker som han gjekk ut av bruk på 800-talet. Katakomben blei gjenoppdaga i 1870 av arkeologen Mariano Armellini, som følgde gamle pilgrimsruter, og blei så graven ut.[30]
I juni 2010 fann arkeologar frå Vatikanet, ved hjelp av laserteknologi som fjerna lag av kalk og leire, eit freskeportrett av apostelen Paulus, som var «kjennbar gjennom det tynne fjeset og mørke spisskjegget sitt [...] med små auge og fura bryn.»[31] Arkeologane meinte dette var det eldste bildet ein kjende av Paulus, frå slutten av 300-talet.[32] Andre portrett verka å vera av apostlane Peter, Johannes og Andreas. Desse er rekna som dei eldste portretta av apostlane.[33]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Den hellige Tekla av Ikonium ( -~100)». katolsk.no. Henta 9. februar 2026.
- ↑ Elliott, J. K. (Trans.) (2003). «The Acts of Paul and Thecla». I Ehrman, Bart D. The New Testament and Other Early Christian Writings: A Reader. Oxford University Press. s. 177. ISBN 9780195154641.
- ↑ Elliott 2003, pp. 177–180
- ↑ Elliott, J. K. (Trans.) (2003). «The Acts of Paul and Thecla». I Ehrman, Bart D. The New Testament and Other Early Christian Writings: A Reader. Oxford University Press. s. 177. ISBN 9780195154641.
- ↑ Elliott, J. K. (Trans.) (2003). «The Acts of Paul and Thecla». I Ehrman, Bart D. The New Testament and Other Early Christian Writings: A Reader. Oxford University Press. s. 177. ISBN 9780195154641.
- ↑ Elliott, J. K. (Trans.) (2003). «The Acts of Paul and Thecla». I Ehrman, Bart D. The New Testament and Other Early Christian Writings: A Reader. Oxford University Press. s. 177. ISBN 9780195154641.
- ↑ Elliott 2003, pp. 177–180
- ↑ Elliott, J. K. (Trans.) (2003). «The Acts of Paul and Thecla». I Ehrman, Bart D. The New Testament and Other Early Christian Writings: A Reader. Oxford University Press. s. 177. ISBN 9780195154641.
- ↑ Elliott, J. K. (Trans.) (2003). «The Acts of Paul and Thecla». I Ehrman, Bart D. The New Testament and Other Early Christian Writings: A Reader. Oxford University Press. s. 177. ISBN 9780195154641.
- ↑ Kirsch, Johann Peter.
- ↑ Elliott, J. K. (Trans.) (2003). «The Acts of Paul and Thecla». I Ehrman, Bart D. The New Testament and Other Early Christian Writings: A Reader. Oxford University Press. s. 177. ISBN 9780195154641.
- ↑ Elliott, J. K. (Trans.) (2003). «The Acts of Paul and Thecla». I Ehrman, Bart D. The New Testament and Other Early Christian Writings: A Reader. Oxford University Press. s. 177. ISBN 9780195154641.
- ↑ Kirsch, Johann Peter.
- ↑ Elliott, J. K., "Graphic Versions: Did non-biblical stories about Jesus and the saints originate more in art than text?", Times Literary Supplement, 14 December 2018, pp. 15-16.
- ↑ Snyder, G. E. (2010).
- ↑ Dulk, Matthew D. (2012). «I permit no woman to teach except for Thecla: The curious case of the Pastoral Epistles and the "Acts of Paul" reconsidered». Novum Testamentum 54 (2): 176–203. doi:10.1163/156853612X628142.
- ↑ Davis, Stephen J. (2002). «The Cult of St. Thecla: An Introduction into Women's Piety in Late Antiquity». The Journal of Religion 82 (4) – via The University of Chicago Press Journals.
- ↑ "Santa Tecla", Ajuntament de Tarragona
- ↑ Capella Virtual de veneració a la insigne Santa Tecla - Patrona dels internautes catalans
- ↑ Las reliquias de Santa Tecla, en la Catedral de Tarragona Arkivert 11. juni 2011 på Wayback Machine. vitja 13. mai 2011
- ↑ De vita sua, 548–9.
- ↑ (Denkschriften der k. Akadem. der Wissenschaft. philos.-histor. Klasse, Wien, XLIV, 6, 105-08)
- ↑ Kazhdan, A. P (1991). The Oxford dictionary of Byzantium. New York: Oxford University Press. s. 2033–2034. ISBN 978-0-19-504652-6.
- ↑ Humaniarian Aid Relief Trust website, Long Read: The Story of Maaloula, 14. august 2020
- ↑ «Ancient Orthodox Monastery of St. Thecla to be Restored in Syrian Maaloula | A Russian Orthodox Church Website».
- ↑ «Russian worshipers visit ancient Orthodox monastery in Maaloula, Syria, before Easter». MSN.
- ↑ «Монастырь Святой Первомученицы Феклы близ Ларнаки, Святая Елена». troodos.ru.
- ↑ Ernst Sittig, Αρχ. Εφ. 1914, mentioned in American Journal of Archaeology, 1915, p. 489
- ↑ Davis, Stephen J. The Cult Of Saint Thecla. Oxford: Oxford University Press, 2001. Print.
- 1 2 Cooper, Kate (March 2018). «A saint in exile: the early medieval Thecla at Rome and Meriamlik». Hagiographica 2: 1–23.
- ↑ Biblical Archaeology Review, Jan/Feb 2010, Vol 36 No 1, p. 18: Found in Vatican: Paul's Portrait
- ↑ «Pope: Scientific analysis done on St. Paul's bones». guardian.co.uk. 29. juni 2009. Henta 30. juni 2009.
- ↑ Kington, Tom (22. juni 2010). «Apostle images from 4th century found under street in Italy». The Guardian (på engelsk). Henta 13. april 2018.
- Bibliografi
- Barrier, J. W., J. N. Bremmer, T. Niklas, A. Puig I Tàrrech. 2016. Thecla: Paul's disciple and saint in the East and the West. Bristol, CN: Peeters.
- Eliott, J. K., The Apocryphal New Testament: A Collection of Apocryphal Christian Literature in an English Translation, Oxford: Oxford University Press, 1993.
- Johnson, Scott Fitzgerald, The Life and Miracles of Thekla: A Literary Study, Cambridge, MA: Harvard University Press, 2006.
- MacDonald, D. R., The Legend and the Apostle: The Battle for Paul in Story and Canon, Philadelphia: Westminster Press, 1983.
- Kirsch, J. P., Catholic Encyclopedia: "Sts. Thecla", Volume XIV, New York: Robert Appleton Company, 1912.
- Ehrman, Bart D., Lost Christianities: The Battles for Scripture and the Faiths We Never Knew, Oxford University Press, 2005, ISBN 978-0-19-518249-1.
- Davis, Stephen J. The Cult of Saint Thecla. Oxford: Oxford University Press, 2001. Print.
- Osiek, Carolyn. 'The Cult of Thecla: a Tradition of Women's Piety in Late Antiquity (Review)'. Journal of Early Christian Studies; 11.3 (2003): 422–424. Web.
- Snyder, G. E. (2010). Remembering the acts of Paul. ProQuest Dissertations & Theses Global.
- Denne artikkelen bygger på «Thecla» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2026.