Heilage måndag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ikon av Kristus brudgom ved Gravkyrkja i Jerusalem.

Heilage måndag eller store måndag (gresk Μεγάλη Δευτέρα, Megale Deutera) er måndagen i den stille veka eller veka før påske i kristendommen. I austleg kristendom er det den tredje dagen av den stille veka, etter lasaruslaurdag og palmesundag. I vestleg kristendom er det den andre.

Ifølgje evangelia i Det nye testamentet fann fleire viktige hendingar stad på heilage måndag: Forbanninga av fikentreet (Matt. 21:18-22, Mark 11:20-26), utspørjinga om plassen til Jesus (Matt. 21:23-27), utdrivinga av pengelånarane frå tempelet og forteljinga av ulike likningar, ut frå kva evangelium ein les.

Austleg kristendom[endre | endre wikiteksten]

I orthodoks kristendom og i orientalske katolske kyrkjer som følgjer bysantinsk ritus blir dagen kalla «store måndag» eller «store og heilage måndag». Denne dagen er til minne om forbanninga av fikentreet som ikke bar frukt, eit symbol for dommen mot dei som ikkje ber frukta anger.[1] Hymnene denne dagen er til minne om Josef, son av Jakob, som leid uskuldig for handa på brørne sine og mot falske anklager. Dette er sett på som ein typologi for Jesus si lidingssoge.[1]

Ottesonggudstenesta frå måndag til onsdag i den stille veka er kjend som brudgomgudstenesta eller brudgombøna, noko som blir uttrykt i ein troparion ein messer ved byrjinga. Eit ikon av Kristus brudgom, kledd i lilla kappe med tornekrone på hovudet, blir plassert på ein analogion i midten av tempelet. Ein les Matt. 21:18-43 ved denne gudstenesta.

Gjennom dei tre kvardagane av den stille veka les ein heile teksten av dei fire evangelia, med ein stopp ved Joh. 13:31. Tekstane kan delast inn på ulike vis, men på måndagen les ein gjerne Matteusevangeliet og første del av Markusevangeliet.[2] Ved den sjette timen les ein også Esekiel 1:1-20.

Vestleg kristendom[endre | endre wikiteksten]

Kristusfigur frå eit opptog i Ceuta.

I den katolske kyrkja les ein Joh. 12:1-9 ved messa, som tek for seg oppvekkinga av Lasarus. Kronologisk fann denne hendinga stad før Jesus reid inn i Jerusalem (Joh. 12:12-19), som blir feira på palmesøndag. Andre tekstar ein les er Jesaja 42:1-7 og Salmane 27:1-3, 13-14.

Revised Common Lectionary, fastsetjinga av prekentekstar brukt i mange anglikanske, metodistiske, lutheranske, gammalkatolske og reformerte kyrkjer,[3] har Jesaja 42:1-9, Salmane 36:5-11, Hebrearbrevet 9:11-15 og Joh. 12:1-11 som tekstar for denne dagen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kallistos (Ware), Bishop (1978). Mary, Mother, red. The Lenten Triodion. South Canaan, PA: St. Tikhon's Seminary Press. s. 59–60. ISBN 978-1878997517. 
  2. Kallistos 1978.
  3. Holmes, Stephen Mark (1 October 2012). The Fathers on the Sunday Gospels (på English). Liturgical Press. s. 22. ISBN 9780814635100. The Revised Common Lectionary has been subsequently adopted by many English-speaking Protestant denominations such as the Church of Scotland and various Methodist, Lutheran and Reformed Churches. It has also been adopted by some Old Catholic Churches and is widely used throughout the Anglican Communion, for example by the Church of Ireland, Scottish Episcopal Church, Church in Wales the Episcopal Church (USA) and the Anglican Churches of Canada, Australia, Aotearoa/New Zealand and Polynesia, Melanesia, the West Indies, Central Africa, and Southern Africa. In the Church of England the two-year Sunday Lectionary of the Alternative Service Book 1980 was replaced in 2000 by an adapted version of the Revised Common Lectionary in Common Worship. 
  4. «Year A - Holy Week : Revised Common Lectionary» (på English). Vanderbilt University Divinity School. http://lectionary.library.vanderbilt.edu/lections.php?year=A&season=Holy%20Week. Henta 22 March 2016.