Heim kommune (1911-1964)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heim kommune
tidlegare kommune
Heimsvatnet med Heimsfjellet bak
Land  Noreg
Fylke Sør-Trøndelag
Kommunenr. 1614
Kart
Heim kommune
63°25′08″N 9°04′56″E / 63.418888888889°N 9.0822222222222°E / 63.418888888889; 9.0822222222222


Heim er eit tidlegare herad som låg i Sør-Trøndelag fylke.

Heim herad omfatta områda på båe sider av den ytste delen av Hemnfjorden mot Trondheimsleia og vart rekna til Fosen. Flatemålet var 276,61 km2, 262,32 km2 landareal og 45,66 km2 produktivt land. Hemnfjorden delte heradet i dei to fråskilde landområda Vestre Heim og Austre Heim. Vestre Heim omfattar Røysøya og Mistfjorden, og grensa mot Stemshaug i vest og Hemne mot sør. Austre Heim ligg kring Åstfjorden og Bustsundet, omfattar øya Hemnskjela og grensa mot Agdenes i nordaust og Snillfjord i sør.

Heim var eige sokn i Hevne formannskapsdistrikt frå 1839 og blei eige herad frå 1. januar 1911 ved delinga av Hevne herad i dei to herada Hevne (seinare Hemne) og Heim. Ved delinga vart heradsgrensa endra noko, ved at nokre gardar (nr. 45-53) vart overførte frå Hevne til Heim og somme (nr. 28-30) fra Heim til Hevne. Heim hadde då ei folkemengd på 1533. Heradshuset låg på Heim.

1. januar 1964 vart heradet skild i to, og Vestre Heim slegen saman med dåverande Hemne og Vinje herad til Hemne kommune, medan Austre Heim, dåverande Snillfjord og Ytre Agdenes inngjekk i Snillfjord kommune. Ved delinga hadde Vestre Heim ei folkemend på 711, medan Austre Heim hadde 724 innbyggjarar.