Heimdall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Heimdall kjem att med kjeda Brisingamen til Frøya» (1846) av Nils Blommér.

Heimdall (norrønt Heimðallr, Heimdallr) er ein av æsene i norrøn mytologi, i Edda kalla hvítastr ása ‘kvitast av æsene’ og hvíti áss ‘den kvite åsen’. Somme stader vert han likevel sett saman med vanene.

Heimdall vardar brua Bifrost (regnbogen) som bind Midgard saman med Åsgard. Soga fortel at han skal låta i Gjallarhornet og varsla æsene og einherjane når Ragnarok kjem. Heimdall er lagen å verta siste guden som døyr i Ragnarok, når han og Loke drep einannan.

Heimdall vorden (vaktaren) kan høyra graset gro, ulla veksa og lauvbladet falla, kan sjå til verdsens ende, og er allveg vak, treng mindre svevn enn ein fugl. Heimdall vert omtala som son av Odin.

Det finst ingen minne om at det har vore nokon religiøs kult kring Heimdall.

Namnetyding[endre | endre wikiteksten]

Skal namnet Heimdall skiftast Heim-ðallr, kan fyrstelekken vera beint heim, medan andrelekken kan vera skyld toll, gamalnorsk þǫll eller þollr. Men þǫll vert nytta med tydinga ‘elv’ hjå Snorre, og Frøya har tilnamnet Mardǫll. Ut frå dette vert uttydinga av heile namnet eitkvart som «verdstreet» (jf. Yggdrasil), «verdselva» (jf. vintergata) eller «verdskjelda», jf. Rígsþula der Heimdall vert opphav til manneætta. Dette lyt likevel reknast som uvisst.

Figuren[endre | endre wikiteksten]

«Heimdall og dei ni møderne hans» (1908) av W. G. Collingwood

Heimdall er son av ni møyar. Det finst mange døme på ni koner/systrer i norrøn mytologi, og talet ni ser ut til å symbolisera heilskapen i verda.

Heimdall bur på Himinbjǫrg, ‘himmelberget’. Dette er i dag eit stadnamn fleire stader i dei germanske landa.

Hesten hans Heimdall heiter Gulltopp, sjølv har Heimdall gulltenner, eller i minsto gule tenner, noko som gjev han tilnamnet Gullintanni. Andre tilnamn er Hallinskíði ‘hallande, bøygd skide’, som au vert nytta som kjenning for rambukk, og Vindhlér ‘vind-le’.

I Rígsþula går Heimdall gjennom verda og økslar dei tre samfunnsklassene trælar, karlar (frie bønder) og jarlar.

Tolking[endre | endre wikiteksten]

Georges Dumézil rekna Heimdall for ein gamal indoeuropeisk gud, og samanlikna han med den romerske Janus og den indiske Dyaus.

Religionsforskarar som Anders Bæksted og Folke Ström ser på Heimdall som personifiseringa av verdsaltet (kosmos) og samfunnsskipnaden.

Edda[endre | endre wikiteksten]

I Edda syner Snorre til ein Heimdallargaldr som no er tapt:

«Eit sverd kann kallast Heimdalls hovud, for det er sagt at han vart gjenomstungen av eit mannshovud. Um det er det kvede i Heimdallargalderen, og sidan er hovudet kalla Heimdalls lagnad (mjǫtviðr); eit sverd vert kalla manns lagnad.»

Gylfaginning[endre | endre wikiteksten]

I den bolken av Yngre Edda dei kallar Gylfaginning, finn me dette samandraget om Heimdall:

27. Frá Heimdalli.
Heimdallr heitir einn. Hann er kallaðr hvíti áss. Hann er mikill ok heilagr. Hann báru at syni meyjar níu ok allar systr. Hann heitir ok Hallinskíði ok Gullintanni. Tennr hans váru af gulli. Hestr hans heitir Gulltoppr. Hann býr þar, er heita Himinbjǫrg við Bifrǫst. Hann er vǫrðr goða ok sitr þar við himins enda at gæta brúarinnar fyrir bergrisum. Hann þarf minna svefn en fugl. Hann sér jafnt nátt sem dag hundrað rasta frá sér. Hann heyrir ok þat, er gras vex á jǫrðu eða ull á sauðum, ok allt þat er hæra lætr. Hann hefir lúðr þann, er Gjallarhorn heitir, ok heyrir blástr hans í alla heima. Heimdallar sverð er kallat hǫfuð manns. Hér er svá sagt:
39.
Himinbjǫrg heita,
en þar Heimdall
kveða valda véum;
þar vǫrðr goða
drekkr í væru ranni
glaðr inn góða mjǫð.
Ok enn segir hann sjalfr í Heimdallargaldri:
40.
Níu em ek mœðra mǫgr,
níu em ek systra sonr.[1]
27. Um Heimdall.
Heimdall heiter éin; han vert kalla kvitåsen og er stor og heilag. Han vart fødd som son av ni møyar, alle systrer. Han vert òg kalla Hallinskide og Gullintanne, for tennene hans var av gull. Hesten hans heiter Gulltopp. Han bur på Himinbjørg ved Bifrost. Han er vord for gudane og sit der ved enden av himmelen og gjæter brua mot bergrisane. Han tarv mindre svevn enn ein fugl og ser både natt som dag hundre mil frå seg. Han høyrer òg graset gro på jordi og ulla veksa på sauene, og alt som læt høgare. Han hev ein lur som heiter Gjallarhorn, og dei høyrer blåsteren hans i alle heimane. Sverdet hans Heimdall vert kalla mannshovud.
So segjer dei:
39.
Himinbjørg heiter
staden der Heimdall
valdar, kved dei, i véom;
der i garden
drikk gudevorden
glad den gode mjøden.
Og sjølv segjer han i Heimdallargalderen:
40.
Eg er fødd av nie mødrer,
eg er son av nie systrer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Lesnad[endre | endre wikiteksten]

  • Bæksted, Anders (1994): Nordiske guder og helte, 1984 2. rev. Udg. 1994 ISBN 87-567-3897-8
  • Grimm, Jacob (1854): Deutsche Mythologie (3. utgåva)
  • Hoftun, Oddgeir. 2004. Menneskers og makters egenart og samspill i norrøn mytologi, Oslo: Solum Forlag. ISBN 82-560-1451-2
  • Hoftun, Oddgeir. 2001. Norrøn tro og kult ifølge arkeologiske og skriftlige kilder, Oslo: Solum Forlag. ISBN 82-560-1281-1
  • Holtsmark, Anne. 1989. Norrøn mytologi : tru og myter i vikingtida, Oslo: Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-3344-4
  • Steinsland, Gro (2005): Norrøn religion: myter, riter, samfunn, Oslo: Pax forlag. ISBN 978-82-530-2607-7
  • Ström, Folke (1985): Nordisk hedendom: Tro och sed i förkristna tid, Akademiförlaget ISBN 91-24-16206-X