Heimesjukepleie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Heimesjukepleie er ei teneste som yt sjukepleie for pasientar i eigen heim. Tenesta vert drive av kommunen som del av primærhelsetenesta, ofte organisert under Pleie- og omsutstenesta. Tenesta vart først oppretta som menighetssøsterteneste av kyrkja, men har sidan vorte eit kommunalt ansvar. Ofte vert den organisert  saman med heimehjelpsordninga.

Personar med spesielle hjelpebehov og med behov for stell av sår, administrering av medikament  - til dømes på smertepumpe og med komplisert handsaming for spesielle sjukdomar. Desse kan bu heime lenge ved hjelp av heimesjukepleie. Slik vert behovet redusert for sjukeheimplassar. Frå 2008 er det vorte vanlegare å skriva pasientar ut frå sjukehusa tidlegare enn før. Nokre vert lagd inn på sjukeheimane som meir får preg av enkle sjukehus. Heimesjukepleia får oftare ansvar for avansert sårpleie etter omfattande inngrep.

Heimesjukepleia vert bemanna både med sjukepleiarar og hjelpepleiarar. For nokon tunge og/eller ressurskrevende pasientar reiser to pleiarar saman i besøk, sjølv om det er mest vanleg at dei reiser åleine ut i besøk.

Vaktordningar gjer tenesta døgnkontinuerleg. Det er vanleg at eldrealarmer, utplassert hjå brukarane, varslar ein sentral som igjen kontaktar ein heimesjukepleier på vakt. Eldrealarmen gjev ei tryggleik for at ein pleietrengande som fell og ikkje kjem opp, kan tilkalla hjelp utan å koma seg til telefonen.

Det er vanleg at heimesjukepleiaren er utstyrt med mobiltelefon med heimesjukepleiedistriktet sitt vaktnummer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]